Særskiljemynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Særskiljemynt er skiljemynt med avgrensa bruksområde. I Noreg og Danmark vart det frå 1924 prega særskiljemynt som, til forskjell frå ordinær skiljemynt, var tvunge betalingsmiddel i utmyntingslandet, men ikkje i dei andre landa +innanfor den skandinaviske myntunionen.

Særskiljemynt vart innført i Noreg ved «Lov um tillegg til lov um pengevesenet» av 18. mars 1924. Ved handel var ingen forplikta til å ta imot meir enn tjue kroner i kronestykkar av særskiljemynt, og ikkje meir enn for 5 kroner i 10- til 50-ørar.

For å skilje særskiljemynten frå skandinavisk konvensjonssmynt, vart han prega med eit hol. Eldre skiljemynt i koparnikkel vart gjennomhola i ettertid.

Frå 1951 vart særskiljemynten prega utan hol, og frå 1963 vart det også prega femkroner. Omgrepet særskiljemynt er ikkje brukt i gjeldande lov om pengevesenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]