Sélestat

Koordinatar: 48°16′N 07°27′E / 48.267°N 7.450°E / 48.267; 7.450
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sélestat
Klokketårnet og andre bygningar i Sélestat
Klokketårnet og andre bygningar i Sélestat
Klokketårnet og andre bygningar i Sélestat
Byvåpenet til Sélestat
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd 44,4 km²
Flatevidd
 - By

44,45 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

17 179
  386/km²
Koordinatar 48°16′N 07°27′E / 48.267°N 7.450°E / 48.267; 7.450
Høgd over havet 173 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 67600
Heimeside: www.ville-selestat.fr

Sélestat (tysk Schlettstadt) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 17 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sélestat ligg sentralt i Alsace, 22 km nord for Colmar og 47 km sør for Strasbourg, ved den venstre breidda til elva Ill. Byen er rekna som eit kulturelt sentrum for området, med fleire gamle bygningar, som kyrkjene Sainte-Foy i romansk stil og Saint-Georges i gotisk stil, eit klokketårn frå 1618 i barokk og eit vasstårn i ny-mellomaldersk stil. Andre interessante bygg er rådhuset frå 1788, jernbanestasjonen frå 1880-åra og synagogen frå 1890-åra, i tillegg til fleire bygg frå renessansen og barokken.

Verdsarvstaden Det humanistiske biblioteket er likevel den viktigaste institusjonen i byen. Biblioteket blei grunnlagd med boksamlinga til humanisten Beatus Rhenanus (d. 1547), og omfattar fleire manuskript frå mellomalderen og renessansen.

Byen er også hovudsete for samtidskunstorganisasjonen Fonds régional d'art contemporain Alsace (FRAC Alsace) og arkeologiorganisasjonen Pôle d'archéologie interdépartemental rhénan. Sélestat ligg nær vinområdet Alsace og andre kjende stader som Château du Haut-Kœnigsbourg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]