Sérifos

Koordinatar: 37°09′N 24°30′E / 37.150°N 24.500°E / 37.150; 24.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sérifos
Lokalt namn Σέριφος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°09′N 24°30′E / 37.150°N 24.500°E / 37.150; 24.500
Øygruppe Kykladane

Areal 75,2 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Mílos
Største busetnad Sérifos (364 innb.)

Demografi
Folketal 1 420 (2011[1])
Folketettleik 18,9 /km²

Sérifos (gresk Σέριφος), òg kalla Seriphos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg vest i øygruppa, sør for Kýthnos og nordvest for Sífnos.

Sérifos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Sérifos 1 420 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 364 innbyggjarar.[1]

Sérifos har eit areal på om lag 70 km² og ligg om lag 170 km frå Pireus. Utanfor austkysten ligg den vesle øya Vous, og i nordaust ligg Serifopoúla.

Akrisios vart åtvara av eit orakel om at barnebarnet hans ville drepe han, kasta han dottera (Danae) og spedbarnet hennar Persevs på sjøen i ei trekiste. Dei dreiv i land på Sérifos.

Tidleg på 1900-talet var Sérifos ein stor gruvestad. Store delar av den mannlege folkesetnaden jobba i gruvene, som vart utnytta av den tyske familien Groman. Arbeidsforholda i gruvene skal ha vore av av dei dårlegaste i Europa og det er ukjend kor mange som omkom, men historikarar meiner det må ha vore tusenvis. På grunn av dei dårlege forholda organiserte gruvearbeidarane i 1916 ein streik, der dei kravde betre forhold og åttetimars arbeidsdag. Leiaren for streiken var Constantinos Speras. Som følgje av streiken bad Groman dei greske styresmaktene om hjelp, og dei sende nasjonalgarden til øya. Speras var arrestert, medan garden retta våpen mot resten av arbeidarane for å tvinge dei i arbeid igjen. Då dei nekta skaut og drap garden fire arbeidarar og skadde mange fleire. Arbeidarkonene som stod ved sida av og såg på tok så opp steinar som dei kasta på garden og tok livet av samtlege. Lika var kasta på sjøen. Øybuarane tok sjølv over styringa, men kort tid etter fekk Groman tilbake kontrollen over gruvene, men garanterte derimot for betre arbeidsforhold og åttetimars arbeidsdag. Speras kom tilbake til Athen, men vart nokre år seinare myrda av maksimalist frå Kommunistpariet (KKE).

Anna[endre | endre wikiteksten]

Sérifos har eit par skular, eit par latinskular, ei kyrkje, eit postkontor og ein plass (plateies).

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Livádi 605
Sérifos 364
Rámos 80
Panajía 70
Galaní 364

Andre busetnader på øya:

  • Kendárkhos (58)
  • Megálo Livádi (31)
  • Platý Jalós (29)
  • Sykamiá (26)
  • Koutalás (23)
  • Ájos Ioánnis (21)
  • Gánema (21)
  • Avyssalós (18)
  • Megálo Khorió (12)

Småøyar i kommunen:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Sérifos