Síkinos
| Síkinos Lokalt namn: Σίκινος |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Kykladane |
| Areal | 42 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
| Demografi | |
| Folketal | 300 |
| Folketettleik | 7 /km² |
Síkinos (gresk Σίκινος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Oinoe (Vinøya). I motsetnad til naboøya Íos er ho roleg og relativt lite utvikla. Síkinos ligg midt mellom Íos og Folégandros, og like sørvest for øya ligg den litle øya Kardiótissa.
Síkinos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya har to landsbyar, hamna Áno Prónia og Kástro (eller Khóra) lenger oppe i åsane. Det er eit par gjestgiveri ved hamna. Stranda ved hamna er ein av to store strender på øya. Det ligg fleire ruinar frå antikken på Síkinos, men nokre av dei er nokså avsidesliggande. Terrenget er kupert og gjer det vanskeleg å ferdast på øya. Nesten heile øya er dekka av terrassar som tidlegare vart nytta til omfattande jordbruk. I dag vert berre nokre få av desse nytta.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sikinos frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||