Södermanland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Södermanland

Södermanland, òg kalla Sörmland, er eit landskap aust i Svealand i Sverige. Namnet tyder «Södermännens land», der «södermännen» var det folk som budde sør for Mälaren. Arealet til landskapet er 8 388 kvadratkilometer, og innbyggjartalet drygt 1,1 millionar.

Dei fleste av innbyggjarane til landskapet bur i Stockholsområdet. Eskilstuna kommune er kommunen innanfor Södermanlands län med flest innbyggjarar.

Södermanland er rikt på fornminne, der ein kjenner til ca 96 000 innanfor grensene til landskapet.

Södermanlands landskapsvåpen er ein svart griff på gul botn.

Geografisk avgrensing[endre | endre wikiteksten]

Landskapet Södermanland består ikkje av same område som Södermanlands län. Landskapet består i dag av området som tilhøyrer Östergötlands (Kolmården), Västmanlands (Kungsör), Stockholms og Södermanlands län. Landskapet grensar i sør til Östergötland, i vest til Närke, i nordvest til Västmanland, i nordaust til Uppland og i aust og søraust til Austersjøen.

Landskapet Södermanland består av:

  1. heile Södermanlands län, utanom den austlege delen (Oknön og Marby) av Aspö sokn, som ligg i Uppland
  2. den sørlege delen av Stockholms län, det vil seie
    1. Den sørlege delen av Stockholm by, det vil seie gamle Brännkyrka sokn og bydelane Södermalm og Långholmen
    2. Södertörn med sokna Österhaninge, Ornö, Utö, Nämdö, Tyresö, Dalarö, Västerhaninge, Muskö, Ösmo, Sorunda, Torö, Botkyrka, Grödinge, Huddinge, Sicklaö, Nacka og Erstavik og Salem
    3. Öknebo herad, med Södertälje stad og sokna Västertälje, Östertälje, Tveta, Överjärna, Ytterjärna, Vårdinge og Turinge)
    4. Dei sokna i Selebo herad som 1967 (Ytterenhörna og Överenhörna) høvesvis 1971 (Taxinge) vart overført frå Södermanlands län
  3. Sokna Säterbo, Kung Karls og Torpa, som for tida tilhøyrer Västmanlands län
  4. Kvarsebo sokn i Norrköping kommune, Östergötlands län

Ei påstått eldre grense mellom Uppland og Södermanland blir markert i Gamla stan i Stockholm; ein grensestein innmurt mellom «Upland och Sudermannaland» er i huset som står oppført på Västerlånggatan 27. Dagens grense vart etablert på 1600-talet, og går ved Slussen.

Den vestlege delen av Nacka kommune inngår i landskapet, medan den delen som ligg austom Skurusundet ligg i Uppland.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Landskap i Södermanland.
Innsjø i Södermanland.
Landsbygda i Södermanland.
Gruve i Södermanland.

Södermanland er eit lågland, og berre små delar av landskapet ligg over 100 meter over havet. Landskapet utmerkar seg gjennom eit lettare kupert terreng med utalde større og mindre skogkledde høgder som ligg mellom senkingar, som i nokre tilfelle utgjer innsjøar, nokre tilfelle torvmyrer, og nokre tilfelle leirsletter. Den største sletta er Vingåkersslätten sør for Hjälmaren. Dei største innsjøane i Södermanland er Mälaren og Hjälmaren, men desse ligg ikkje utelukkande i Södermanland. Den største innsjøen inneslutta innanfor grensene til landskapet, er Båven. Blant øvrige innsjøar kan nemnast Yngaren, Långhalsen, Tisnaren (på grensa mot Östergötland), Öljaren og Viren. Dei største elvane i Södermanland er Eskilstunaån og Nyköpingsån.

Den karakteristiske landskapstypen har vorte danna gjennom ein kombinasjon av forkastingar som går i retning frå aust til vest, og store elvedaler. Gjennom desse forkastingane er landskapet senka trappetrinnsforma frå sør til nord, slik at landskapet ved forkastningssprekken i nord har søkkt, medan han i sør enno er i den opphavlege posisjonen sin. Det er òg danna einskildståande høgdeparti, såkalla horstar. Den mest synlege av desse er åsen som går omtrent midt gjennom Södermanland, den sörmländska landhöjden, som utgjer det noverande vasskiljet mellom Hjälmaren og Mälaren på den eine sidan, og Austersjøen på den andre. Denne åsen har ei høgd på 60 til 90 meter.

Den austlegaste delen av Södermanland er ei større halvøy kalla Södertörn. Södermanland har ein omfattande skjergard, til dels den sørlege delen av Stockholms skjergard, som ligg austom Södertörn, og til dels skjergarden som ligg utanfor den øvrige delen av Södermanlandskysten. I delen av Mälaren som høyrer til Södermanland er det fleire øyar, blant andre den største innlandsøya i Sverige, Selaön.

Fjellgrunnen består hovudsakleg av gneisar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Jarnbana revolusjonerte Södermanlands samferdel og kommunikasjon. Västra stambanan vart bygd mellom 1857 og 1862; strekninga mellom Stockholm og Södertälje vart ferdig 1860. Södra stambanan frå Katrineholm til Norrköping vart ferdig 1866. Planlegginga av ein bane tvers over Södermanland byrja på 1860-talet, og i 1877 vart banen, som gjekk frå Bergslagen til Oxelösund, opna. Hovudføremålet til denne var å frakte malm frå den isfrie hamna. Mellersta Sörmlands järnväg forbi Malma hed vart ferdig i 1907. Behovet til Nyköping for jarnbane vart innfridd frå 1914-16, då Nyköpingsbanan vart lagt mellom Södertälje og Stockholm.

Södertörn vart Saltsjöbanan opna i 1893. I 1901 vart Nynäsbanan, som går frå Stockholm til Nynäs gard og hamn bygget. Vidare kom pendlartoget til Stockholms tunnelbane, som sameinte tettstadane i Södertörn, og dessutan Gnesta, med Stockholm.[1]

Stader i Södermanland[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande byar i Södermanland med gamle stadsprivilegium (bystatus med visse fordeler) vart innretta som stadskommunar (bykommunar) då kommunereformen i 1862 tredde i kraft: Eskilstuna (1659), Mariefred (1605), Nyköping (1187), Stockholm (1252, sørlege delen), Strängnäs (1336), Södertälje (1000), Torshälla (1317) og Trosa (1300). På 1900-talet fekk òg einskilde framveksande industri- og stasjonssamfunn òg bystatus. Desse var Katrineholm (1917), Nynäshamn (1946), Flen og Nacka (1949) og Oxelösund (1950). Dei sistnemnde bydanningane fekk ingen eigen jurisdiksjon, og høyrde såleis til under sine tidlegare respektive herredsrettinndelingar. Rådhusretten forsvann òg etterkvart for fleire av dei mindre byane. I samband med kommunereformen i 1971 opphøyrde byane sine kommunale særstillingar, og dei vart innlema i større einingar. Dei fleste av desse er i dag centralorter (kommunesenter) for kommunar som ber namna deira. Unntaka er Mariefred (i Strängnäs kommune) og Torshälla (i Eskilstuna kommune). I åra 1974 til 1991 var Trosa ein del av Nyköping kommune.

Andre stader[endre | endre wikiteksten]

Følgjande stader har hatt andre typar av kommunal status:

Södermanland har hatt fem köpingar (spesiell kjøpstadsstatus): Malmköping og Gnesta mellom 1955 og 1974 i Södermanlands län, Kungsör i Västmanlands län og Nynäshamn 1911 til 1945, som vart by i 1946, og dessutan Saltsjöbaden, i Stockholms län. Landskapet har hatt mange municipalsamhällen, der dei fleste har vore i Stockholms län. I Södermanlands län har følgjande tre byar vore municipalsamhällen før dei fekk bystatus; Flen, Katrineholm og Oxelösund. Øvrige er Gnesta, som vart köping 1955, Nyfors fram til 1906, då det vart ein bydel i Eskilstuna, Vingåker, Valla og Sparreholm. I Stockholms län har følgjande stader vore municipalsamhällen: Dalarö, Fullersta, Huddinge, Igelsta, Järna, Liljeholmen, Rönninge, Snättringe, Stuvsta, Tumba og Örsta.

Større tettstader[endre | endre wikiteksten]

Følgjande tettstader er for tida dei ti største innan landskapet:[2]

Tettstader I dag 1800 1850 1900 1950
Stockholm (av dette i Södermanland) - - - - -
Södertälje 62 279 960 1 245 8 207 23 300
Eskilstuna 60 185 1 341 3 961 13 663 53 363
Tumba 35 311 - - - -
Katrineholm 21 386 - - - 14 522
Nyköping 27 720 2 272 3 806 7 275 20 427
Västerhaninge 14 060 - - - -
Nynäshamn 13 079 - - - -
Strängnäs 12 296 1 112 1 244 2 276 7 280
Oxelösund 10 843 - - - 5 398

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grensesteinen mellom Södermanland og Uppland på Palmstedts hus Västerlånggatan 27.

Namnet Södermanland tyder «Menneska som bur i landet sør for Mälaren». Landskapet er førhistorisk. Med innføringa av Magnus Erikssons landslag ca 1350, vart heradsinndelinga (svensk: Härad) òg innført for landskapet, og erstatta dermed ei tidlegare inndeling i herad («hundare»).

Södermanlands herad[endre | endre wikiteksten]

Frå steinalderen til vikingtida[endre | endre wikiteksten]

Truleg innvandra dei første menneska til Södermanland under ein tidleg del av steinalderen. Etter denne tida har innlandet her heva seg mykje, og i områda rundt Stockholm så mykje som 70 meter. Den første innvandringa her skjedde truleg frå Östergötland og Närke, og det var landskapet sine midtre og øvre delar, som ikkje låg under vatn den gongen, som først vart busett. Dei eldste funna herfrå utgjer eit femtitals bustader utan keramikk. Frå denne tidsepoken har ein funne ei rekkje steinøkser, lihultøkser. Södermanland overgår likevel ingen av landskapa rundt Mälaren i funnrikdom frå steinalderen.

Med overgangen til landbruksnæring ca 4000 f.Kr. byrja ein blant anna å importere fine flintøkser frå Skåne eller Danmark. Alle neolittiske kulturar er representerte i landskapet. I takt med effektane av landhevinga, vart kysttraktene ved Mälaren og Austersjøen folkesett. Den seine steinalderen er rikt representert med mange enkeltfunn, og òg frå bronsealderen er det gjort mange objekt. Sentrale stader for bronsealderkulturen har ein funne i Rekarne, og dessutan ved innsjøen Yngaren. Funna frå bronsealderen er store, men kan ikkje samanliknast med funn frå tilsvarande periode i Uppland. Frå den delen av jernalderen frå før Kristi fødsel, har ein, i likskap med resten av Sverige, få funn, noko ein trur har samanheng med dei omfattande klimaendringane Sverige gjennomgjekk frå ca éit hundreår etter slutten til bronsealderen. Frå tida etter Kristi fødsel er det likevel gjort fleire funn.

Gullfunna frå 400- og 500-talet er talrike. Det største kjende gullfunnet i Sverige vart gjort i Tureholms landområde i 1774, og utgjorde meir enn 12 kg Truleg stamma gullet på noko vis frå dei militære aktivitetane til goterane, som medførde at Romarriket utbetalte store mengder med gull for å kjøpe fred langs grensa. Frå same tidsperiode har ein Uppsa kulle, som er den største gravhaugen i Sverige.

Det er gjort mange funn i tilknyting til kjende gravfelt frå folkevandrings- og vikingtida. Frå sluttfasen av jernalderen er det òg funne viktige sølvskatter. Södermanland er særs rikt på gravhaugar, steinsettingar og restar av borger av ulike slag. Södermanland er, nest etter Uppland, det landskapet i Sverige der det er gjort flest funn av runesteinar, omtrent 300 stykke, der ca 60 har heilt eller metrisk form. Eldst av desse er steinen ved Skåäng i nærleiken av Vagnhärad, som ber ein innskrift med eldre runer frå 500- eller 600-talet, og ei seinare innskrift med yngre runer. Dei fleste er i fruktbare sletteområde, og er reist langs vegar eller elver. Påfallande mange står langs Eriksgatan. Det eldste innanlandske belegget for namnet Svitjod (seinare Sverige) finn ein på ein runestein i Ospa. Av høgast interesse er Ramsundsristinga, som viser at Sigurdsagaen var kjent i Sverige under vikingtida. Mange andre steinar fortel om vikingferder i aust og vest. Funna viser at det vart vunne rike skattar under desse reisene, og at det føregjekk ein livleg handel.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste misjonsverksemda for kristendomen i Södermanland føregjekk i den nordvestlege delen, der folkesetnaden ser ut til å ha vorte kristna og hatt ei sokneinndeling allereie på midten av 1000-talet. Rekarne utgjorde det første stiftet i Svealand, der Sankt Eskil var biskop. Det tunet (no Eskilstuna) der han budde, er nemnt som bispesete i eit paveleg dokument frå omkring 1120, på lik linje med Strängnäs, Västerås og Sigtuna. Truleg fekk Södermanland eit cistercienskloster i 1184 i Julita, og på 1200-talet vart Vårfruberga kloster bygd. På andre halvdelen av 1200-talet følgde eit dominikanerkloster i Strängnäs og eit Fransiskanerkloster i Nyköping. I 1493 vart det stifta eit Karteuserkloster i Mariefred.[3] Som handelsstad og festningsstad fekk Tälje, omtalt allereie av Adam av Bremen, og etterkvart endå viktigare Nyköping, tyding. Södermanland hadde eigen lagmann allereie før 1296. Landskapet hadde eiga lovgjeving, Södermannalagen, stadfesta 1327.

Om Södermanlands tidlege politiske historia veit ein lite. Ifølgje eksisterande sagaer er det truleg at det var småkongar som styrde. Først med Folkungatida har ein historiske skildringar. Södermanland vart då gong på gang gjeve som len til hertugar av Folkungaætten. Under folkungatida fekk Södermanland ei administrativ særstilling, der det utgjorde hertugdømet til Magnus Ladulås då han tok trona i Sverige, og utgjorde seinare kjerneområdet i Erik Magnussons landområde. Kystherreda og Rekarne skal ha vore dei mest dyrka områda til landskapet gjennom mellomalderen. Den største jordeigaren i Sverige på 1300-talet, Bu Jonsson Grip, som oppførde og namnsette Gripsholm, hadde sentrumet i eigedomsimperiet sitt i Södermanland, viss våpen er henta frå fabeldyra hans.

Kalmarunionen og Vasatida[endre | endre wikiteksten]

Kampane i unionstida vart for ein stor del utkjempa i Södermanland. Karl Knutsson Bonde vart overrumpla i februar 1457 i Strängnäs, og Kristian I vart slått i 1467 i slaget ved Julita i nærleiken av Katrineholm. Gustav Vasa vart valt til konge i Strängnäs 1523. Deretter byrja ein epoke med stor utvikling: Slott vart bygd om og utrusta, handelen til byane hadde rivande utvikling, jordbruket fekk eit stort oppsving og gruveindustrien utvikla seg, med nye industriar i kjølvatnet. Södermanland var under Vasatida rikast på adelsgods i Sverige. Under Gustav Vasas reduksjonar og reformer heldt innbyggjarane i landskapet seg i stor grad lojale.

Stormaktstida[endre | endre wikiteksten]

Under Gustav II Adolfs og Karl XIs regjeringsperiodar vart det anlagt fabrikkar og annan produksjonsindustri i byane i Södermanland. Krigen auka etterspurnadene etter smijern, kanonar, stikk- og hoggvåpen, rustningar og andre handsama jernvarer. Landskapet sjølv var skåna for krigshandlingar på 1600-talet, og har i ettertid berre ein gong vore utsett for fiendtlege handlingar, i 1719, då Austersjøkysten med byar, bruk og herregardar vart angripe og brunne ned av russiske soldatar. Gjennom sigeren ved Baggensstäket vart fienden slått tilbake, og Stockholm vart verande på svenske hender.

Fridomstida og framover[endre | endre wikiteksten]

Det industrielle oppsvinget i fridomstida merka ein i relativ lita grad til i Södermanland. Derimot ivra styresmaktene for større omleggingar av jordbruket. Dei store endringane her kom likevel først med den meir rasjonelle drifta på 1840-talet. Kyrkjegodset auka utbreiinga si og påverka landsbyutviklinga i landskapet. Södermanland hadde tidlegare hatt ei svakare landsbyutvikling samanlikna med det øvrige Mälardalen, men no vart mange underliggande landsbyar drege direkte inn i drifta av kyrkja sine jordbruksområde, som i stor grad fekk fordelene av stordrift. Eit spesielt sterkt samhaldsmiljø vart danna ved tettare folkesetnad og auka busetnad. Ein kan sjå det som motstykket til jordbruket til dei mange små industrisamfunna som voks fram på landsbygda. Statssystemet voks fram.

Heile 1700- og 1800-talet var prega av eit sterkt regulert næringsliv. Einskilde nye idear voks likevel fram. Eit konkret utslag av dette var grunnlegginga av Eskilstuna fristad. Side om side ved den tradisjonelt styrde byen, voks det fram ein avregulert frimarknad der metallhandverk vart omsett. Ein ny epoke innan industrien kom på 1830-talet, då blant andre Munktells Mekaniska Verkstad i Eskilstuna vart grunnlagt. Jordbruksrasjonaliseringen hadde stort behov for maskinvarer frå Eskilstuna.

Kjende sörmlänningar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivar Schnell, Vägvisare genom Södermanland. Ein studiehandbok i hembygdskunskap. Sörmlands museum. Nyköping 1981, s. 97ff
  2. Gösta Johannesson, Från köpstad till storkommun. Natur & Kultur: Stockholm 1978
  3. Erik Lönnroth, Svensk uppslagsbok, 27. Malmö 1936

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]