Södra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Södra Skogsägarna eller berre Södra har hovudkontor i Växjö, i Sverige. Södra er Sveriges største skogeigarforening. Södra hadde i 2003 35 000 medlemmar som eigde over 2,1 millionar hektar skog i Götaland. Same år omsette foreininga for 13 milliardar svenske kroner.

Södra er delt inn i Södra Cell, Södra Skog, Södra Skogsenergi, Södra Timber og Gapro. I Noreg har konsernet to massefabrikkar; Södra Cell Folla, som produserer CTMP, og Södra Cell Tofte, som produserer sulfatmasse. I tillegg er Gapro representert i Brumunddal, Dal og Drammen.