Södra Finlands län

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Etelä-Suomen lääni
Södra Finlands län
Len i Finland
1998 – 2010

Våpen of Södra Finlands län

Våpen

Location of Södra Finlands län
Historie
 - Oppretta 1998
 - Nedlagt 1. januar 2010

Södra Finlands län (finsk Etelä-Suomen lääni) var eit finsk len som vart danna ved lensreforma i Finland i 1998 og avskaffa ved inngangen til 2010, saman med alle len i Finland. Lenet omfatta landskapa Nyland, Östra Nyland, Tavastland, Päijänne-Tavastland, Kymmenedalen og Södra Karelen. Det grensa til Västra Finlands län og Östra Finlands län. Administrasjonen heldt til i Tavastehus.

Lenet hadde eit folketal på 2 095 416 (2002) og var dermed det folkerikaste i Finland. Det hadde ei flatevidd på 34 378 km² og var dermed også det minste.

Lensvåpenet var sett saman av våpna til Tavastia, Karelia og Nyland.