Södra Sunderbyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°39′32.846″N 21°56′20.440″E Södra Sunderbyn er ein svensk tettstad i Luleå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. I 2005 hadde tettstaden 2 875 innbyggjarar.

Nordaust for tettstaden, mellom riksväg 97 og Malmbanan, ligg Sunderby sjukhus, som blei bygd i samband med at ein på 1990-talet slo saman sjukehusa i Luleå og Boden. I Södra Sunderbyn ligg òg Sunderby folkhögskola.

Ved det nye området Hammaren veks tettstaden nesten saman med Gammelstaden og blir traffikert av bybussar frå Luleå lokaltrafik. Södra Sunderbyn blir i aukande grad rekna som ein bydel til Luleå.

Sport[endre | endre wikiteksten]

I Sunderbyn driv Sunderby SK verksemd innan ishockey, fotball, skiidrett og basketball. Spesielt innan basketball har idrettslaget gjort det godt. Mellom anna kjem landslagsspelarne John Rosendahl og Joel Nordin opphavleg frå Sunderby SK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]