Søfting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hus på Skaland.

Søfting, Skaland og Veset utgjer ei større bygd i Vefsn i Nordland. Bygda ligg vel fem kilometer nord for byen Mosjøen.

Fylkesveg 78 og Nordlandsbanen strekkjer seg side om side gjennom bygda.

I bygda, som ligg rett føre Vefsnfjorden, finn ein elva Fusta.

Søfting og Skaland høyrer til dei eldste gårdane i Vefsn og er gjennom skriftlege kjelder kjende sidan 1300-talet.[1] I bygda har ein funne ei rekke oldsaker, mellom anna frå folkevandringstida og frå steinalderen.[2][3][4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørgensen, Jon Gunnar: Aslak Bolts jordebok Sida 145B. 1997.
  2. http://www.kulturminnesok.no/Lokaliteter/Nordland/Vefsn/Skaland
  3. http://www.kulturminnesok.no/Lokaliteter/Nordland/Vefsn/SOEFTING2
  4. Svare, Reidar: Frå gamal tid : Tru og tradisjon Sidene 139 f, særband III or Vefsn bygdebok. 1973.
  5. Skaland, Lars: Bygda Skaland Søfting Veset Sidene 6 f. 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Søfting