Søgne kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Søgne kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1018 |
| Fylke | Vest-Agder |
| Adm.senter | Søgne |
| Areal | 148 km² |
| Folkemengd | 10 836 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007) | Solveig Kjelland Larsen (Ap) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.sogne.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Søgne kommune på Commons | |
Søgne er ein kommune sør i Vest-Agder fylke. Søgne er ein kystkommune, mellom kommunane Kristiansand, Marnardal, Songdalen og Mandal. Søgne er kjend for skjergarden med 1 229 holmar og skjér. Kommunen er den i landet med flest soltimar i året. Fleire kjende diktarar og kunstnarar har budd i Søgne, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson og Vilhelm Krag. Namnet Søgne kjem av elva med namnet Sygna frå norrønt språk, no Søgneelva. Namnet tyder Sygna-dalen'.
Kommunesenteret ligg på Tangvall.
Frå Høllen, som er Søgne si «hamn», kan ein ta rutebåt til dei folkesette øyane Ny-Hellesund og Borøya. I tillegg kan ein vitja Olavsundet og kystfortet i Ny-Hellesund. I Høllen låg det tidlegare eit båtbyggeri/verft.
Tettstader [endre]
- Ausvika
- Søgne
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| Audnedal · Farsund · Flekkefjord · Hægebostad · Kristiansand · Kvinesdal · Lindesnes · Lyngdal · Mandal · Marnardal · Sirdal · Songdalen · Søgne · Vennesla · Åseral | ||