Sølvnitrat
| Nemningar | |
|---|---|
| Formel | AgNO3 |
| Kjemisk namn | Sølvnitrat |
| Andre namn | Helvetesstein, lapis |
| Identitetsnummer | CAS: 7761-88-8 |
| Eigenskapar | |
| Relativ molekylmasse | 169,8732 u |
| Tettleik | 4,35 g/cm3 |
| Smeltepunktsintervall | 212 |
| Når ikkje anna er oppgjeve gjeld tala for eit stoff ved standardtilstand (25 °C, 100 kPa) | |
| Struktur | |
| Stoffgruppe | Salt |
- |
|
Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.
Teknisk bruk [endre]
Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).
Giftig verknad [endre]
Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingene kan ikkje vaskast vekk eller fjernast — har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.
Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) av sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.