Sømna kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sømna)
Sømna kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Vik
Areal 195,2 km²
 - land 191,71 km²
 - vatn 3,49 km²
Folketal 1 976  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Hans Gunnar Holand (Sp)
Kommunenr. 1812
Kart
Sømna kommune
65°19′25″N 12°10′38″E / 65.323611111111°N 12.177222222222°E / 65.323611111111; 12.177222222222
Wikimedia Commons: Sømna
Nettstad: www.somna.kommune.no

Sømna kommune er ein av fem kommunar på Sør-Helgeland, og ligg heilt sør på Helgelands-kysten. Kommuna har eit innbyggertal på 2008 innbyggjarar (per 12.12.2017), og eit landeareal som utgjør 189 km2. Ved utskilling av nabokommuna Brønnøy kommune, blei Sømna opprettet i 1901. I 1962 blei Sømna samanslått med nabokommuna igjen i eit par år, før absolutt sjølvstende i 1977.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ordføraren i Sømna er Andrine Solli Oppegaard og jobbar frå Rådhuset i Vik. Oppegaard representerar Arbeidarpartiet. Kommunestyret består av 17 representantar fordelt på desse ulike partia:

- Senterpartiet 7

- Arbeidarpartiet 5

- Tverrpolitisk liste 4

- Fremskrittspartiet 1

Sømna kommune har eit aktivt ungdomsråd. Sømnas kommunale ungdomsråd består av 8 medlemmer og dei representerer barn og unge i kommunen. Dei har møterett i kommunestyret. Marthe-Amalie Dahle er leiar av Sømna ungdomsråd.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den største delen av kommunen ligg sør på Sømnahalvøya. I tillegg består kommunen av ein del mindre øyer og holmer med Kvaløya som den største øya. Dei største bygdene i kommunen er Vik, Berg, Dalbotn og Sund.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sømna er ein av dei beste jordbrukskommunane i landsdelen, ettersom jordbruk er ein dominerande næringsveg. Storfeholdet og hønseholdet i kommunen er det største i landsdelen (2013). Det er også produksjon av korn og grønnsaker i kommunen.

Industrien utgjør 10 prosent av arbeidsplassene i kommunen, 16 prosent inkludert bygge- og anleggsvirksomhet/kraft- og vannforsyning.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kommunesenteret ligg i Vik som ligg midt i kommunen. Her finnast eit bibliotek, Sømna bygdetun, idrettshall, hotell, Coop Marknad, pensjonistskole og Helgeland rehabilitering. Berg er tettstaden heilt nord i kommunen på grense med Brønnøy kommune. Der ligg blant anna barneskulen, ein allbrukshall, Helgeland sparebank, Coop Marknad, Coop Byggmix, Cirkle K, eit bilverkstad, småbåthamn og restaurant. Heilt sør i kommunen ligg Vennesund, som bind saman Bindal i sør og Sømna med ferjesambandet Vennesund-Holm. Her finnast det kulturminne, ein campingplass og restaurert brygge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.