Sundag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Søndag)
Gå til: navigering, søk
Veka


Sundag eller søndag har tradisjonelt vorte rekna som den første dagen i veka, men har sidan ein ISO-standard innført i 1973 vorte rekna som den sjuande dagen i veka.

Namnet sundag tyder soldag og kjem truleg frå gudinna Sol (eller Sunna) i norrøn gudetru.

Sundag som heilagdag[endre | endre wikiteksten]

Söndagsafton i en dalastuga av Amalia Lindegren, 1860.

Innan dei fleste retningane av kristendommen er sundag den heilagaste dagen, og blir sett av til kvile, kyrkjegang og refleksjon.

Mange kristne samfunn har på grunn av dette innført sundag som ein offentleg høgtidsdag der vanleg arbeid ikkje blir utført, og mange utsalsstader er stengde. Den norske heilagdagslova slår òg fast at det skal vera heilagdagsfred på heile sundagen.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.