Sønderjylland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sønderjylland i 1913

Sønderjylland er den delen av Jylland som ligg lengst mot sør. Området ligg på båe sider av grensa mellom Danmark og Tyskland. I Danmark er det sørlegaste amtet Sønderjyllands Amt, som grensar mot Schleswig-Holstein (dansk: Slesvig-Holsten) i Tyskland. Slik er amtet den einaste delen av Danmark som har direkte grense mot eit anna land. I nyare tid har Sønderjylland vorte nytta om den sørlegaste delen av Danmark. Den tyske nemninga på området er Schleswig (dansk: Slesvig). Schleswig kan igjen delast opp i Nordschleswig (Nordslesvig) nordom grensa og Südschleswig (Sydslesvig) sørom grensa. Sønderjylland vart i tida 1864 til 1920 styrt av Tyskland. Særleg i den tida var det å syngja songar om Sønderjylland eit teikn på dansk patriotisme, og eit ynske om at området ei gong skulle verta ein del av Danmark att.

Ein person frå Sønderjylland vert kalla sønderjyde. Målføret vert kalla sønderjysk (synnejysk).

Jylland- halvøya. Raudt er nord for den dansk-tyske grensa. Sør for grensa er Sydslesvig og Holstein, som nokre gonger vert rekna med i Jylland.
Sønderjylland idag

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sønderjylland svarar historisk sett til hertugdømet Slesvig, som var eit dansk len og som var lenge i personalunion med Danmark, i og med at kongen av Danmark både var konge og hertug i Slesvig. Den siste jarlen av Sønderjylland, Knud Lavard, tok den tyske hertugtittelen på sitt jarledøme, som sidan vart kjend under dette namnet. Sønderjylland var ein del av Preussen etter Danmark sitt nederlag i den andre slesvigske krigen i 1864. Ved ei folkerøysting i 1920 etter Tyskland sitt nederlag i første verdskrigen kom den nordlege delen attende til Danmark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]