Søndre Bug
-
Denne artikkelen handlar om elva i Ukraina. For elva i Ukraina og Polen, sjå Vestre Bug.
| Søndre Bug | |
| Søndre Buh | |
| elv | |
| Land | |
|---|---|
| Kjelde | Lviv oblast |
| Munning | Bugestuaret |
| Lengd | 806 km |
| Nedslagsfelt | 63 700 km² |
| Wikimedia Commons: Southern Bug | |
Søndre Bug, òg kalla Søndre Buh,[1] (ukrainsk Південний Буг, Pivdennyj Buh: russisk Juzjnij Bug, polsk Boh),[1] er ei elv i Ukraina. Kjelda hennar ligg vest i Ukraina, i Volyn-Podillia-høglandet, kring 145 km frå den polske grensa. Frå her renn ho søraustover til Bugestuaret ved Svartehavet gjennom dei sørlege slettene. Ho er 806 km lang og drenerer eit område på 63 700 km².
Av store byar langs Søndre Bug finn ein Khmelnytskyj, Vinnytsija, Pervomaisk og Mykolaiv.
Herodotos nemnde elva som Hypanis.[2] Under folkevandringstida var Søndre Buh ei viktig hindring for alle vandrande folk.
Elva er farbar mange kilometer oppover frå munningen og det ligg fleire elvenamner ved elva, som Voznesensk.
Galleri [endre]
-
Ein elvebåt på elva i Vinnytsia (2006).
-
Søndre Buh i nærleiken av Granittstppene i Buh landskapspark.