Sør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kompasrose.png
Kompassrose som viser alle himmelretningane

Sør ( eller syd i enkelte dialektar) er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og vert som oftast forkorta med S. Ho er motsett av nord og har rette vinklar til aust og vest.

Sør er rekna som retninga mot den sørlege enden av aksen som jorda roterer rundt, kalla Sørpolen eller den geografiske sørpolen. Sørpolen ligg i Antarktis. Magnetisk sør er retninga mot den magnetiske sørpolen som ligg eit stykke unna den geografiske.

  • På kompasset er sør gitt ved retninga 180 grader eller 200 gon.
  • Dersom ein er vendt aust, er sør retninga til høgre.
  • På ein flyplass vil ei sørvendt landingsbane ha nummer 18 etter kursen til det landande flyet (180 grader).

Ein nyttar ofte sudlegare strok for å snakke om område som ligg sør for oss, og då gjerne sør om ekvator. Syden vert først og fremst nytta om sør-Europa, og då særskilt når ein snakkar om ferie, til dømes sydenferie. Etterkvart har syden i denne samanhangen vorte brukt om andre solfylte feriestader.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]