Sør-Évvia-bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sør-Évvia-bukta (gresk Νότιος Ευβοϊκός Κόλπος, Nótios Evvoikós Kólpos), er ei bukt i Egearhavet i Hellas. Ho ligg mellom øya Évvia og det greske fastlandet. Ho har ei lengd på om lag 50 km, er 10-20 km brei og går frå nordvest til søraust. I nordvest skil det smale Évripossundet ved Khalkída Sør-Évvia-bukta frå Nord-Évvia-bukta. I søraust ligg ei øy kalla Kavallianí, som dannar grensa til Petaliósbukta nær Ajía Marína.

Fjell dominarar i sørvest og nordaust bortsett frå dalen ved elva Asopós i sørvest. Det går ferjesamband mellom Skála Oropoú og Erétria, og delar av linja mellom Ajía Marína og Néa Stýra går gjennom bukta. Det ligg fleire strender og hamner rundt bukta.

Stader ved bukta[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]