Sør-Fron kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°33′30″N 9°56′32″E

Sør-Fron kyrkje
Sør-Fron kirke 1.JPG

Hundorp (2008)

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Hamar
Prosti:  Sør-Gudbrandsdal
Fellesråd:  Sør-Fron
Sokn:  Sør-Fron
Innvigd:  1792
Arkitektur
Type:  oktagon
Periode: seinbarokk
Arkitekt:  Svend Halvorsen Aspaas
Teknikk:  mur
Materiale:  stein, kalk
Kyrkjerommet
Preikestol:  Lars Borg (1703), preikestolalter
Plassar:  750
Commons-logo.svg
Sør-Fron kyrkje på Commons

Sør-Fron kyrkje står på Hundorp i Sør-Fron i Gudbrandsdalen og stod ferdig i 1792. Kyrkja er åttekanta og bygd i seinbarokk stil med detaljar i Louis-seize-stil. Kyrkja er hovudkyrkje for Sør-Fron sokn som ellers også har ei fjellkyrkje, Espedalen fjellkyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja var bygd som hovudkyrkje for Fron prestegjeld, som den gongen omfatta nåverande Sør-Fron og Nord-Fron. Hovudsoknet hadde stort folketal og det var naudsynt å ha ein stor kyrkjebygning. Bygdefolket hadde allereie i fleire tiår vore vane med å byggje hus av stein, særskilt fjøsbygningar. Dei var derfor opne for nye idear, og den nye kyrkja vart planlagt som ei stor steinkyrkje, ikkje som ei lafta krosskyrkje som dei tidlegare kyrkjene i dalen var. Det er ei av svært på kyrkjer på landet oppført i stein frå denne tida.[1] Byggjeskikken i Gudbrandsdalen var lafta tømmer og den kvitkalka murkyrkja har truleg vakt oppsikt - den skil seg fortsatt ut frå bygningsmiljøet i bygda og dalen. Eventuelle skriftlege kjelder om planlegginga av kyrkja gjekk tapt ved ein brann i prestegarden 1805, byggjesøknaden til kanselliet i København seier heller ingenting om utforminga av bygget[2]. Bygginga tok til i 1786 og bygget vart innvigd først i 1792 (truleg utsett på grunn av Storofsen). Det er uklart kvifor akkurat Fron fekk eit så kostbart bygg, men Fron vart rekna som ei velståande bygd med gode kornavlingar og eit merkbart klasseskilje. I 1770 var det 4300 innbyggjarar i prestegjeldet. Skrondal trur at dei sjølvmedvetne storbøndene i Fron har ivra for eit slikt prestisjebygg. Den markante opplysningspresten Hugo Friderich Hiorthøy kan også ha vore ein viktig pådrivar for eit kyrkjebygg utforma etter nye prinsipp. Skrondal peikar også på at froningar deltok i krigen om Slesvig-Holstein (kring 1760) og at det truleg var offisarar ved militærleiren i Fron med tysk bakgrunn.[3] Den førre soknepresten, David Schiøth, var pensjonert og busett i København, og kan også ha formidla idear til Fron. Hosar konkluderer med at ideaene til dei ulike elementa i Sør-Fron kyrkje er henta utanfrå, men at samanstillinga til eit heilskapleg bygg har skjedd lokalt.[2]

Byggmeister for kyrkja var Svend Halvorsen Aspaas, som var overbyggmeister ved koparverket på Røros. Han var neppe det vi i vår tid vil kalla arkitekt, men fekk oppgåva fordi han kunne finne dei tekniske løysingane til å byggje eit så stort byggverk. Kyrkja har noko likskap med Røros kyrkje, men er ellers eit sjølvstendig byggverk. Kyrkja i Sør-Fron har særleg trekk av protestantisk tysk kyrkjearkitektur mellom anna med kombinasjonen av åttekantform og breiform og dessuten med preikestolaltar.[3] Ein må langt av garde til Tyskland for å finne bygningar som kan seiast å vera parallellar til denne, og kanskje må Berninis S Andrea al Qurinale i Roma sjåast på som det opphavlege forbildet. Medan dei eldre åttekantkyrkjene hadde preg av tradisjonelle langkyrkjer med separat kor, har Sør-Fron kyrkje preikestolsaltar på den eine langveggen i den utstrakte åttekantforma.[1]

Hosar set Sør-Fron kyrkje kunsthistorisk særleg i samanheng med Vang kyrkje i Ridabu og Røros kyrkje. Alle tre er store åttekanta steinkyrkjer med preikestolsalter, og Svend Aspaas deltok i byggearbeidet for alle tre. Klæbu kyrkje kan også reknast til gruppa sjølv om den er mindre og av tre.[2]


Utforming[endre | endre wikiteksten]

Plan og konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er bygd som ei breikyrkje, altså ei kyrkje som er breiare enn ho er lang til. Altaret står på den eine langveggen med hovudinngangen på motsett side. Vinklane mellom langveggane og hjørneveggane er 145°, medan dei anre vinklane er 125°, og mellom veggane er det spenn på 19 og 26 meter. Bygget er oppført i lokal gråstein som lett sprekk opp i rettvinkla blokker (berre til dekorative detaljar er det brukt kleberstein). Til muring og pussing er det brukt kalk blanda med leire. Taket er valma og det store spennet kravde store dimensjonar slik at takkonstruksjonen har eit innvikla system av bjelkar. Fire vertikale søylar i kyrkjerommet støttar opp takkonstuksjonen. Den åttekanta grunnforma blir berre broten av eit sakristi oppført som eit utbygg av bindingsverk.[2]

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Sør-Fron church, IEHOVA.jpg

Kyrkja har preikestolaltar, det vil seie at preikestolen er bygd inn i altarveggen over altaret. Dette var vanleg for lutherske kyrkjer frå omkring midten på 1700-talet og fram til tidleg på 1800-talet (preika og dermed preikestolen vart i det heile meir sentral utover 1600-talet i den danske-norske kyrkja). Med denne oppbygginga blir det understreka at Guds ord står i over alt eller i sentrum for gudstenesta, samstundes som den lutherske kyrkja på denne måten viderefører det katolske alteret med tilhøyrande sakrament.[3] Preikestolaltaret i Sør-Fron er også krona av ein strålekrans med Guds namn Jahve med hebraiske bokstavar,[4] og alteret er moderat i høve til preikestolen.[3] Sjølve preikestolen er ein eldre preikestol frå 1703, skoren av Lars Borg. Treskurden inne i kyrkja er ellers skoren av Kristen Listad og broren Halvor Melgaard. Kristen Listad har mellom anna skore døypefonten og kongemonogrammet med Christian 7.s monogram. Altartavla er eit målarstykke med Kristus på krossen, og er måla i 1797 av Frederik Petersen. Innvendig er kyrkja måla med marmorering, ein målarteknikk som imiterer marmor, her grå Carrara-marmor. Truleg var det Peter Kastrud som saman med sonen Frederik Petersen måla kyrkja. Kyrkja vart måla opp att i 1860, med dei same fargene men med rikare bruk av marmorering og med stukkimitasjon i himlingane. Denne målinga vart utført av Even Knudsen Sulengshaugen. Innvendig er Sør-Fron kyrkje relativt fattig på symbolsk utsmykking og skil seg frå dei eldre barokkyrkjenes rike fargar, bilete og svulstige utskjeringar.[3]

Kyrkja har galleri som går rundt heile kyrkja, med utviding til lukka pulpiturar over inngangane. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel ved innviinga i 1792, som den fyrste kyrkja i Gudbrandsdalen. Orgelet stod på eit eige galleri over galleriet ved inngangen. Seinare orgel vart større og står nede på hovudgalleriet over hovudinngangen.

Eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Utvendig var kyrkja etter det vanlege i tida svært fargerik. Ho er slettpussa og kvitkalka, men med blå hjørnepilastrar og grønt tårn. Hovudportalen er rikt utforma med detaljar hogd av kleberstein. Den har pilastrar og broten gavl, og har ei framstilling av lammet med ein kross liggjande på ei bok, det krona kongemonogrammet C7 og Guds namn JEHOVA med latinske bokstavar innskrive i ein trekant omgjeven av ein strålekrans og skyer. Årstalet 1787 står på sidene av portalen, det er årstalet som viser kor langt byggearbeidet var kome då. På toppen av tårnet står eit jarnspir med ein vindfløy der årstalet 1792 står. Gjennom ytterveggane går fire døropningar og tolv opningar for vindauge.[2]

Kyrkjegarden med kyrkja i bakgrunnen, 2008.

Kyrkjebakken er utforma med terrassemurar og trapper som dannar eit amfi. Dei kalka kyrskjegardsmurane skrår inn mot kyrkja på kvar side av hovudinngangen, slik at kyrkjebakken ligg utanom kyrkjegarden men likevel med direkte kontakt med kyrkja.

Kyrkjegarden har mange eldre gravsteinar, ein del framleis på plass på gravene. På 1800-talet var det vanleg i Gudbrandsdalen å laga gravsteinar av kleberstein, og fleire titals slike steinar er å finne i Sør-Fron. Dei har gjerne dekorasjonar med akantusranker, og mange har ulike symbol som krans , ei oppslegen bok (Livets bok), kiste, tende ljos og krone (Livets krone). Det er ofte mange innskriftfelt med lange innskrifter som fortel om den avlidne og som gjev att bibelvers og salmevers, eller sekulære ordspråk. Eit utval av desse steinane er tekne vare på ved at dei er festa til eit overdekka stativ på kyrkjegarden.

På grunn av den langstrakte åttekantforma vil inntrykket av bygget variere med synsvinkel. Sett rett mot hovudinngangen framstår bygget som breidt, medan det frå sida framstår bygget slankt med bratte takflater. Frå andre vinklar framstår bygget derimot som litt skjeivt. Kyrkja er orientert med altaret mot nordaust (i strid med utbreidt skikk), truleg på grunn terrengtilhøva ellers.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Skrondal, Silje (1999): Sør-Fron kirke. Et forsøk på å beskrive sammenhengen mellom protestantisk kirkearkitektur, teologi og liturgi. Hovedoppgåve - Universitetet i Oslo, 1999
  4. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]