Sør-Mesna

Koordinatar: 61°05′27″N 10°42′17″E / 61.09083°N 10.70472°E / 61.09083; 10.70472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Mesna
innsjø
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Ringsaker
Høgd over havet 520 moh.
Areal 6,91 km²
Kystlengd1 20,74 km
Koordinatar 61°05′27″N 10°42′17″E / 61.09083°N 10.70472°E / 61.09083; 10.70472
Kart
Sør-Mesna
61°05′27″N 10°42′17″E / 61.09083°N 10.70472°E / 61.09083; 10.70472
Wikimedia Commons: Sør-Mesna
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sør-Mesna er ein innsjø som ligg i Ringsaker kommune i Innlandet. Han er 7,6 km lang og 1 km brei og er avgrensa på sørsida av ganske steile breidder. Langs den nordlege breidda ligg busette strøk. I sjøen finst aure, åbor og gjedde.

Sjøen har utløp i vestenden og her renn vatnet gjennom Bustokkelva ut i Nord-Mesna, og derfrå vidare gjennom elva Mesna ut i Mjøsa ved Lillehammer.

Birkebeinertraséen går på nordsida av Sør-Mesna og Nord-Mesna nedover mot Lillehammer.