Sør-Noreg valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sør-Noreg valkrins (nordsamisk Lulli-Norgga válgabiire, bokmål Sør-Norge valgkrets) er ein valkrins ved sametingsvala i Noreg.[1] Krinsen femner Noreg sørom Sør-Trøndelag, utom kommunane Rindal, Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal i Hedmark fylke, som høyrer til Sørsamisk valkrins.[1]

Krinsen vert også kalla valkrins 7. Til og med Sametingperioden 2005-2009 vart krinsen kalla valkrins 13.

Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var 2894 personar registrerte i manntalet i området.[2]

I 2017 var det vald inn seks sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Sør-Noreg valkrins er ved endringa av krinsordninga skoren ned med åtte kommunar mot nord, det gjeld Surnadal, Sunndal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke og Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Desse kommunane er frå valet i 2009 overførte til Sørsamisk valkrins.[5]

Sametingsvalet i 2017[endre | endre wikiteksten]

Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]

Sametingsvalet i 2009[endre | endre wikiteksten]

Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.[7]

Sametingsvalet i 2005[endre | endre wikiteksten]

Ved Sametingsvalet i 2005 stilte desse partia og vallistene i krinsen:

Det vart innvald fire representantar til Sametinget frå krinsen. Det eine mandatet vat eit utjamningsmandat.

Sametingsrepresentantar for Sør-Norge valkrins i perioden 2005-2009 har vore Rita-Alise Porsanger for Norske Samers Riksforbund, Jørn Are Gaski for Arbeidarpartiet, Johan Mikkel Sara for Samer bosatt i Sør-Norge og Kirsti Guvsám for Norske Samers Riksforbund.[14]

Sametingsvalet i 2001[endre | endre wikiteksten]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2001 i krinsen.

Sametingsvalet i 1997[endre | endre wikiteksten]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1997 i krinsen.

Sametingsvalet i 1993[endre | endre wikiteksten]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1993 i krinsen.

Sametingsvalet i 1989[endre | endre wikiteksten]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1989 i krinsen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no
  2. «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 26. februar 2019 
  3. Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene Arkivert 2019-02-26 ved Wayback Machine. den 25.2.2019.
  4. «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget[daud lenkje]
  5. Sametingsvalget 2009: «7. Lulli-Norgga válgabiire/Sør-Norge valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
  6. «Valgkrets 7 Sør-Norge», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 27. februar 2019, henta 26. februar 2019 
  7. «Sametingsvalget - Her er alle kandidatene» på nettstaden til NRK Sameradioen
  8. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  9. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  10. «Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge»[daud lenkje]
  11. «Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  12. «Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge»[daud lenkje]
  13. «Valgliste for Sosialistisk Venstreparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  14. «Representanter og vararepresentanter 2005 - 2009» på nettstaden til Det norske sametinget
  15. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  16. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  17. «Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  18. «Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge»[daud lenkje]
  19. «Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  20. «Valgliste for Senterpartiet i Sør-Norge»[daud lenkje]
  21. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  22. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  23. «Valgliste for Samedemokratene i Sør-Norge»[daud lenkje]
  24. «Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  25. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  26. «Valgliste for Borgerlig fellesliste Sør-Norge i Sør-Norge»[daud lenkje]
  27. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  28. «Valgliste for Samelista i Sør-Norge i Sør-Norge»[daud lenkje]
  29. «Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge»[daud lenkje]
  30. «Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge»[daud lenkje]
  31. «Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]