Sør-Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Preussen (Südpreussen) og departementa Posen, Kalisch og Warschau, 1801-1807.

Sør-Preussen (tysk Südpreußen; polsk Prusy Południowe) var ein provins i Kongedømet Preussen frå 1793 til 1807. Det vart oppretta frå dei annekterte områda etter den andre delinga av Polen og inkluderte regionane Stor-Polen og Masovia. Hovudstaden i provinsen var Warszawa, som vart lagt til i 1795 etter den tredje delinga. Han vart derimot administrert av Generaldirektoratet (General-Direktorium) i Berlin. I 1806 hadde provinsen 1 503 508 innbyggjarar.

Sør-Preussen utgjorde områda mellom prøyssisk Schlesien, distriktet Netze og elvane Wisła og Pilica. Det var vidare delt inn i Kammerdepartement Posen (Poznań), Kalisch (Kalisz) og Warschau (Warzsawa).

Tyske kolonistar vart invitert til å slå seg ned i provinsen. Dei som slo seg ned i adelshusa vart kalla Hauländer, medan dei som slo seg ned på kongen sine landområde vart kalla Kolonisten.

Etter Napoleon Bonaparte sin siger i den fjerde koalisjonskrigen og det store polske opprøret i 1806 vart områdde Sør-Preussen ein del av Hertugdømet Warszawa, ein fransk klientstat etter Tilsit-traktatane i 1807. Etter Wienerkongressen i 1815, vart det delt mellom det prøyssiske storhertugdømet Posen og Kongress-Polen, ein del av Det russiske keisardømet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]