Sør-Rana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sør-Rana er ein tidlegare kommune i Nordland fylke, frå 1837 del av Hemnes formannskapsdistrikt.

Sør-Rana vart skild ut som eigen kommune i 1929. Kommunen hadde ved etableringa 1 708 innbyggjarar. I tillegg vart Elsfjord skild ut frå Hemnes på same tid.

Den 1. januar 1964 vart området sør for Ranfjorden i Sør-Rana med 934 innbyggjarar slege saman med Korgen og Hemnes kommunar i tillegg til ein del av Hattfjelldal til den nye Hemnes kommune.

Området nord for Ranfjorden med 697 innbyggjarar vart samstundes slege saman med Mo, Nord-Rana og delar av Nesna til den nye Rana kommune.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]