Sør Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°9′12.751″N 8°1′42.816″E / 58.15354194°N 8.02856000°E / 58.15354194; 8.02856000

Sør Arena

Adresse Stadionveien 21,
4632 Kristiansand
Eigar Sparebanken Sør / Start
Drift Start
Brukarar Start
Underlag Kunstgras
Kapasitet 14 300 evt 11 700
Historiske årstal
Påbegynt
2006
Opna
15. april 2007
Stengd
Sør Arena fotografert i juli 2008.

Sør Arena er heimebana til Start i Torsvika på Lundsiden i Kristiansand Agder. Ved fotballkampar er det mogeleg å ha ein tilskodarkapasitet på 14 300, alle under tak. Frå sesongen 2011 er kapasiteten skore ned til ca. 11 700.

Stadionet opna med kamp mot Viking 15. april 2007. Stefan Bärlin misbrukte sjansen til å bli første målscorar da han brann eit straffespark etter 10 minutt, i staden vart det Vikings Søren Berg som fekk denne æra, medan Ygor Santiago vart den første målskåraren til Start på den nye heimebanen. 14 448 tilskodarar såg oppgjeret, ein rekord som vil komme til å stå ein stund då kapasiteten seinare er blitt redusert.

Arenanamnet er sponsorbestemt, og har samanheng med eit sponsorat frå Sparebanken Sør.

Fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

Sør Arena er bygd berre for fotball og til skilnad frå den gamle heimebanen til Start, Kristiansand stadion, ikkje løpebanar mellom tribunane og grasmatta. Anlegget har 16 sponsorlosjer og gourmetrestaurant med kapasitet på 500 personar. Media har langt betre arbeidsforhold enn på Kristiansand stadion.

Anlegget gjev plass til administrasjonen til Start, idrettsklubben, treningssenter og anna næringsverksemd. Spelarar og trenarar har òg langt betre arbeidsforhold enn før. Total er det 22 000 m² næringsareal i anlegget.

Totale byggekostnader var opp mot 500 millionar kroner. Starts del av dette var 250 millionar. Da planane vart godkjend i 2005 var kostnadene rekna til 177 millionar kroner.

Underlag[endre | endre wikiteksten]

Det var ei tidvis kontroversiell avgjersle då bystyret i Kristiansand i 2012 bestemte å bytte ut naturgraset med kunstgras.[1][2] Både spelarar og NISO engasjerte seg for å få kommunen til å omgjere vedtaket om å fjerne det finaste underlaget i landet, utan at det hjelpte.[3] 28. mai vart Ernest Asante siste målscorar på ekte gras med eit straffespark mot Bodø/Glimt.[4] Deretter vart spelepausen under Fotball-EM brukt til å bytte ut graset, og 30. juni stod det nye underlaget klart til toppkampen mot Ullensaker/Kisa.

Konsertarena[endre | endre wikiteksten]

Sør Arena fikk sin elddåp som konsertarena 26. juni 2007Elton John spelte for over 20 000 tilskodarar. 17. juni 2008 heldt Dolly Parton konsert på Sør Arena for eit publikum på ca. 8 000. I 2010 hadde a-ha ein av avskjedskonsertane sine der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]