Sør-Carolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sør Carolina)
Sør-Carolina
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA, South Atlantic states, Carolinaene
Hovudstad Columbia
Areal 82 931 km²
 - land 77 982 km²
 - vatn 4 949 km²
Folketal 5 024 369  (2017)
Folketettleik 64 / km²
Guvernør Henry McMaster (R)
Før innlemming Provinsen Sør-Carolina
Innlemma i USA 23. mai 1788
Statsnummer 8.
Forkorting SC
Kart
Sør-Carolina
34°N 81°W / 34°N 81°W / 34; -81
Wikimedia Commons: South Carolina
Nettstad: sc.gov

Sør-Carolina (engelsk South Carolina) er ein delstat i USA. Han ligg søraust i landet og er ein av sørstatane. Sør-Carolina grensar mot Nord-Carolina i nord og Georgia i vest og sørvest. I aust og søraust ligg Atlanterhavet. Delstatshovudstaden i Sør-Carolina er Columbia.

Sør-Carolina har namn etter kong Karl I av England (Carolus på latin), som gav løyve til den engelske koloniseringa av området.

I 2003 hadde staten 4 147 152 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at dei første menneska busette seg i området som no er Sør-Carolina for rundt 15 000 år sidan. Det er også mogleg at det var folk her tidlegare - Topper-funnstaden i Allendale County er blitt gjeven ein mogleg alder på 30 000 år.

Det var rundt 30 urfolkstammar i området då dei første europearane kom dit. Stammane hadde ulike språk og leveområde; dei viktigaste var catawbafolk (som snakka sioux-catawbanske språk), cherokeefolk (irokesarspråk) og yamaseefolk (muskogeanske språk).

Den første europearen som kom til området var den spanske Francisco Gordillo i 1521. Fem år seinare, i 1526, skipa Lucas Vázquez de Ayllón den første europeiske busetnaden i området, San Miguel de Gualdape, men dette blei gjeve opp etter tre månader. Seinare gjorde både Spania og Franrike krav på området, men også franske forsøk på kolonisering slo feil. England gjorde krav på Sør-Carolina tidleg på 1600-talet. I 1629 gav kong Karl I av England eit patent for dei sørlege koloniane (dagens Nord- og Sør-Carolina, Georgia og Tennessee) til Robert Heath. Den europeiske koloniseringa av området byrja i 1670 då kaptein Joseph West grunnla byen Charles Town. I 1729 blei provinsen Carolina delt inn i Nord- og Sør-Carolina.

Sør-Carolina blei den åttande staten til å ratifisera den amerikanske grunnlova, den 23. mai 1788. Delstaten blei den første av sørstatane til å stemma for å gå ut av unionen den 20. desember 1860. Etter den amerikanske borgarkrigen blei han teken inn att i USA den 25. juni 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.