Sør guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om guvernementet i Libanon. For det i Bahrain, sjå Sørlege guvernement.
Sør
الجنوب
guvernement
Vasskjelde i Arabsallim i Sør-Libanon
Land  Libanon
Administrasjonsstad Sidon
Koordinatar 33°33′N 35°23′E / 33.550°N 35.383°E / 33.550; 35.383
Areal 929,6 km² [1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Kart
Sør guvernement
33°33′00″N 35°23′00″E / 33.55°N 35.383333333333°E / 33.55; 35.383333333333
Kart over Libanon med Sør avmerkt
Kart over Libanon med Sør avmerkt
Kart over Libanon med Sør avmerkt
Wikimedia Commons: South Governorate

Sør guvernement (arabisk الجنوب, al-Janub) er eit guvernement i Libanon. Sør-Libanon har kring 500 000 innbyggjarar og eit areal på 929,6 km². Administrasjonssenteret er Sidon. Høgda i regionen varierer frå havnivå til kring 1000 meter. Innbyggjarane er ei blanding av sjiamuslimar, sunnimuslimar og ortodokse, katolske og protestantiske kristne. Temperaturane kan falle til kring 4 °C om vinteren med ein god del regn og snø i høgda. Om somrane er det høg luftfukt og temperaturen kan stige til 30 °C i kystområda. Guvernementet har fleire elvar som Litani, Zahrani, Naqura, Awali, Qasmiye og Hasbani. Området er kjent for dyrking av sitrus og bananer. Dei største byane er Sidon, Tyr og Jezzine.

Turistmål og hendingar[endre | endre wikiteksten]

Området har mange turistmål, mellom anna kvite, vakre strender sør for Tyr, og høve til å snorkle eller dykke blant fønikiske og romerske ruinar under vatn nær dei gamle byane Sidon og Tyr. Her finst basarar frå tida kring osmanarane og mange sjømatrestaurantar med utsikt over Middelhavet. Tyr-festivalen tiltrekkjer seg tusenvis av turistar kvart år.

Religion i Sør guvernement[endre | endre wikiteksten]

Sjiamuslimar utgjer kring 60 % av folkesetnaden, sunnimuslimar 17 %, og kring 23 % er kristne.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «South Governement» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «"Libanon State of the Environment Report», chapter 1» (PDF). Miljøvernsdepartementet (Libanon). 2001. Henta 17. august 2014.