Sørefjorden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørefjorden
Frå Sørefjorden
Foto: Egil Husabø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Del av Åfjorden i Sogn og Fjordane
Kart
Sørefjorden i Hyllestad
61°11′13″N 5°18′16″E / 61.186944444444°N 5.3044444444444°E / 61.186944444444; 5.3044444444444
Wikimedia Commons: Sørefjorden

Sørefjorden er ein fjordarm av Åfjorden i Hyllestad kommune i Vestland. Han ligg på nordaustsida av Katlenova i nærleiken av sjølve tettstaden Hyllestad og har ei lengd på 2,5 km.

Fjorden har innløp mellom Katleneset i sørvest og grenda Leirpollen. På andre sida av Katleneset startar Hyllestadfjorden, som går parallelt til Sørefjorden. Av gardsbruk langs fjorden finn ein Rønset, Berge og Sæsol. Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går langs botn og nordsida av fjorden.