Søren Knudtzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Søren Knudtzon

Søren Christian Knudtzon (22. juli 178510. mai 1857) var ein kjøpmann og stortingsmann frå Kristiansund. Han var bror til Nicolai Knudtzon og William Knudtzon.

Knudtzon var sjef for familiefirmaet Nicolai Henrich Knudtzon og Sønner i Kristiansund. Han representerte Kristiansund på Stortinget i 1827 og på overordentleg storting 1828. I 1827 var han sekretær i protokollkomiteen og medlem av tollkomiteen og komiteen om kjøpstadskateen. I 1828 var han medlem av komiteen om auke av setelmassen.

Knudtzon døydde ugift i heimbyen i 1857.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914