Søren T. Årstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Søren Tobias Årstad (2. juni 186111. januar 1928) var ein jurist, stortingsrepresentant og statsråd frå Stavanger.

Årstad var son av ein kjøpmann i Stavanger. Han vart student i 1879 og tok juridisk embetseksamen i 1885. Same året slo han seg ned i heimbyen som overrettssakførar.

Årstad var ordførar i Stavanger 1891-92. Perioden 1898-1900 var han stortingsmann for Venstre som 1. representant frå Stavanger og Haugesund. Han var formann i konstitusjonskomiteen og medlem av Lagtinget. Seinare, 1913-15, var han atter stortingsmann, då som representant for einmannskrinsen Holmen krins i Stavanger. Stortingspresident i 1913, formann i reguleringskomiteen, sekretær i fullmaktskomiteen og nestformann i valkomiteen, samt medlem av Lagtinget.

Årstad var statsråd i den andre Steen-regjeringa frå 1900 til 1903, fyrst som finansminister, deretter ved statsrådsavdelinga i Stockholm, og til sist som justisminister.

Frå 1903 til 1926 var han sorenskrivar i Ryfylke.

Årstad døydde i Stavanger 1928.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914