Søren Tybring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søren Tybring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1773
Høland
Død

19. november 1822 (49 år)
Drammen kommune

Yrke presbyter, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Søren Tybring (6. november 177319. november 1822) var ein norsk prest og stortingsmann frå Høland i Akershus.

Tybring var son til ein prest. Han vart student frå Herlufsholms skole i Danmark i 1790 og cand. theol. i 1796. Same året vart han personalkapellan i Kristiansand, frå 1798 aftensangprest og rektor ved borgarskulen på Bragernes i Drammen. Ei kort tid i 1802 sokneprest i Karleby på Falster i Danmark, same året utnemnd til sokneprest i Bragernes.

Tybring var 1. representant frå Drammen på omframstortinget i 1814. Dagboka hans frå tingtida er trykt i Historiske Samlinger band II.

Han døydde på Bragernes i 1822.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]