Sørestisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sørestisk (og ofte kalla Võro-språk, etter ein by i Sør-Estland) er eit austersjøfinsk språk som blir brukt i dei søraustlege delane av Estland. Sørestisk blir snakka av om lag 70000 menneske. Tradisjonelt er sørestisk sett som ein dialekt av estisk, men grammatikken skil seg på fleire område mykje frå standard-estisk; mellom anna har sørestisk, i likskap med finsk, vokalharmoni — noko det nordestiske standardspråket ikkje har. Andre grammatiske trekk minner meir om livisk. Brukarar av språket var lenge utsette for eit stort normeringspress. Ei sørestisk folkerørsle arbeider difor for at språket skal få status som minoritetsspråk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Etter ein lang periode utan standardisert skriftspråk vart det i 1990 laga eit eige skriftspråk for sørestisk. Det er opplæring i dette skriftspråket i 26 skolar i søraust-Estland, og på universitetet i Tartu. Avisa Uma Leht "(Vårt) eige blad" kjem ut ein gong annakvar veke.

Sørestisk har dei same bokstavane som nordestisk (det vanlege latinske alfabetet pluss bokstavane ä, ö, ü. õ), med desse tillegga: q står for ein glottal stopp [ʔ], y står for ein bakre urunda vokal (mykje lik russisk ы. Aksentmerket ´ markerer palatalisering av konsonanten som teiknet knyter seg til, ś, ń, , , , etc. Alle andre konsonantar enn q og j kan palataliserast. .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skilnaden mellom sør- og nordestisk går attende til tida då det gjekk ei riksgrense gjennom Estland. Sørestisk stod sterkt som skriftspråk i denne perioden, Det nye testamentet vart omsett til sørestisk i 1686, Wastne Testament. Med nasjonalismen og revitaliseringa av det nordestiske skriftspråket fram mot slutten av 1800-talet, gjekk sørestisk meir og meir ut av bruk som skriftspråk, og det vart ikkje gjort forsøk på å ta det opp att før på slutten av 1980-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hella Keem (1997): Võru keel. Eesti teaduste akadeemia Emakeele selts. Tallinn.

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediasørestisk



Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.