Sørfjord II kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørfjord II kraftverk er eit vasskraftverk i Botnvassdraget i Hamarøy kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar fallet på 62 meter mellom Kjerringvatnet og Brynvatn. Brynvatn er inntaksmagasin for Sørfjord I kraftverk.

Kraftverket starta produksjonen i 1983.

Det er installert ein Francisturbin på 4 MW. Middels årsproduksjon er på 10 GWh.

Kraftverket er eigd av Nordkraft som er eigd av Narvik Energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]