Sørfjord I kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørfjord I kraftverk er eit vasskraftverk i Botnvassdraget i Hamarøy kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar fallet på 515 meter frå Brynvatnet og havnivå ved Sørfjorden. Brynvatn er oppdemt av ein 185 meter lang og 31 meter høg steinfyllingsdam. Magasinkapasitet er 72 millionar m3. Vatnet er regulert mellom 515 og 435 moh. Til magasinet vert det overført vatn frå ei rekke bekkeinntak og frå Gammeloftvatnet, som er regulert mellom 712 og 670 moh. Det vert òg overført vatn frå Sørfjord II kraftverk.

Brynelva er regulert som følgje av kraftverket.

Kraftverket starta produksjonen i 1983 og vart utvida i 2003.

Det er installert ein Francisturbin på 67 MW. Middels årsproduksjon er på 260 GWh.

Nedbørsfeltet er på totalt 108 km2.

Kraftverket er eigd av Narvik Energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]