Sørfjorden i Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå norddelen av Sørfjorden, med utsyn retning sør

Sørfjorden er ein 38 kilometer lang sidefjord av Hardangerfjorden i Hardanger i Vestland fylke. Fjorden strekkjer seg frå der Utnefjorden deler seg i Sørfjorden og Eidfjorden og sør til Odda.

Fjorden har innløp mellom Trones i nordvest, rett sør for Utne, og Kyrkjenes i søraust, rett nord for Kinsarvik. Ved innløpet stikk Kinsarvikbukti sørover til Kinsarvik og frå her går det ferje nordover til Utne og Kvanndal i Granvin lenger nord.

Sørfjorden i Hardanger og Sørfjorden ved Osterøy
Odda ligg inst i Sørfjorden. (Foto: Gunleiv Hadland)

Langs fjorden finn ein på vestsida frå nord til sør Grimo, Jåstad, Aga og Agatunet, Syreflot, Vikebygd med Bleie og , Eitrheim og Tokheim. Mellom Eitrheim og Tokheim ligg industriområdet Norzink. På austsida av fjorden ligg mellom anna Kinsarvik, Lutro, Lofthus, Børve, Sekse, Segelgjerd, Fresvik, Hovland og Tyssedal. Inst i fjorden finn ein Odda sentrum.