Sørfjorden i Sjona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørfjorden er ein fjordarm av Sjona i Rana kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til Sjonbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stigauren i sør og Sørodden i nord. Lenger nord ligg Nordsjona. Grenda Myklebustad ligg på sørsida av fjorden.

Fylkesveg 17 går langs begge sider av fjorden, men går nordover frå Breidvika.