Sørfjorden ved Osterøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Sørfjorden for andre fjordar med same namn.

Sørfjorden sett frå toppen av Brøknipa nær Bruvik.
Sørfjorden sett austover mot Bruvik

Sørfjorden er ein 30 km lang fjord som kransar sørsida av Osterøy, med kyst til Bergen kommune i sør. Dei austlege delane av fjorden høyrer til Vaksdal kommune. Han går over til Veafjorden i aust og munnar ut i Osterfjorden i vest.

Innløpet til fjorden ligg mellom Hordvikneset i sørvest og Klokkarneset ved Hamre i nordaust, rett søraust for Knarvik i Lindås.

På Osterøysida av fjorden finn ein stader som Valestrandsfossen, Votlo, Haus, Havrå med det kjende Havråtunet og Bruvik. På sørsida av fjorden ligg stader som Steinestø, Hylkje, Breistein, Ytre Arna, Garnes, Takvam, Romslo og Trengereid. Sør for Ytre Arna går den 3,5 km lange Arnavågen sør til Indre Arna på vestsida av Garnes.

Bru- og ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Frå Herland på sørsida og over til Kvisti på nordsida går Osterøybrua, som opna i 1997. Brua her ei lengd på 1097 meter og eit hovudspenn på 597 meter. Sjølve fjorden er 555 meter brei på dette punktet. Før brua kom var det to ferjesamband over fjorden, eitt mellom Haus og Garnes eitt mellom Valestrandsfossen og Breistein. I dag er berre det sistnemnde i drift som ferjesamband over Sørfjorden. Fram til Nordhordlandsbrua opna i 1994 gjekk det òg ferje frå Steinestø ytst i fjorden og over Osterfjorden til Knarvik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]