Sørgeorgiapiplerke
| Sørgeorgiapiplerke | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Motacillidae | |
| Slekt: | Anthus | |
| Art: | A. antarcticus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anthus antarcticus
Cabanis, 1884
|
||
Sørgeorgiapiplerke (Anthus antarcticus) er ein art i erlefamilien Motacillidae. Denne piplerka er endemisk til Sør-Georgia og næraste øyar, kor populasjonen er anslått til mellom 3000 og 4000 par. Dette er einaste medlemmen av sporvefuglar på øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i heile Antarktis-regionen. Dette er òg ein av dei få ikkje-marine fugleartane som lever i regionen.
Sørgeorgiapiplerke hekkar på Birdøya og andre rottefrie småøyar og holmar ved Sør-Georgia og på område på hovudøya som er isolerte av isbrear.
Sørgeorgiapiplerke beitar på insekt og edderkoppar om sommaren, elles på insekt og krepsdyr i fjæra.
Arten har vore trua av introduksjon av rotter på øyane, og dessutan av miljøskadar som mennesket sjølv er opphav til.
Kjelder[endre]
- sørgeorgiapiplerke. (26. oktober 2011) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/sørgeorgiapiplerke
- Headland, Robert K. (1992-05-29). The Island of South Georgia. CUP Archive. s. 212. ISBN 9780521424745.
- BirdLife International (2011) factsheet: Anthus antarcticus. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. oktober 2011.
- South Georgia pipit (Anthus antarcticus) Henta frå The ARKive project den 26. oktober 2011.