Sørhavsterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørhavsterne

Status i verda: LC Livskraftig

Sørhavsterne, Sør-GeorgiaFoto: Liam Quinn
Sørhavsterne, Sør-Georgia
Foto: Liam Quinn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Sternidae
Slekt: Sterna
Art: S. vittata
Vitskapleg namn
Sterna vittata

Sørhavsterne (Sterna vittata) er ein medlem av ternefamilien. Ho er ei mellomstor terne som lever sirkumpolart på sørlege hav og hekkar på subantarktiske øyar.

Sørhavsterna er ei kvit og lys grå terne med svart hette. I hekkedrakt er nebb og føter raude og den svarte hetta dekkjer hovudet frå nebbrota til nakken og går ned til i underkant av auga. Undersida av kroppen er grå, men kinna, undergumpen og halen er kvite. Utanom hekketida får vaksne fuglar heilt kvit underside, hetta blir mindre med kvit panne og nebbet blir skittenraudt. Sørhavsterner liknar raudnebbterner, men er litt større enn sistnemnde, måler 36 centimeter og veg 140 gram i gjennomsnitt.

Sørhavsterner hekkar på mange øyar i Sørishavet nord til Île Amsterdam i Indiahavet på 37°49′ sør. Dette inkluderer øyane Tristan da Cunha, Gough Island, Sør-Shetlandsøyane, Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelenøyane, Snaresøyane, Aucklandøyane, Bountyøyane, Antipodeøyane, Campbelløyane, Macquarieøya, Sør-Georgia og småøyar utanfor Stewart Island/Rakiura.[1] Nokre av fuglane som hekkar lengst sør er trekkfuglar, kjente overvintringsområde ligg langs søraustkysten av Sør-Amerika og utanfor Sør-Afrika.

Perioden for hekking varierer frå lokasjon til lokasjon og ligg innanfor grensene september til mars. Hekkebiotopa er steingrunn nær kystlinja og litt lengre inn med noko vegetasjon. Dei vel hekkeplassar som er lite tilgjengelege for predatorar, på holmar, på fjellhyller i bergsider, tilhøva varierer frå øy til øy. Dei hekkar vanlegvis i små koloniar på under 20 par, nokre gonger parvis, somme plassar i koloniar på opptil 1000 par. Reiret er ei enkel grop, kor dei legg eitt egg, nokre gonger to egg. Paret rugar på skift i ca. 24-25 dagar og ungane flygedyktige etter ein månad. Tre år gamle kan sørhavsterna starte hekking og dei kan oppnå levealder på over 14 år.

Når hekking går føre seg beitar dei nær land, utanfor hekkesesongen på åpent hav eller langt frå land. Føda består hovudsakleg av små fisk og pelagiske krepsdyr i sjøen. Dei kan plukke krepsdyr ved å duppe nebbet i sjøen og dei kan stupdukke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørhavsterne