Sørjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørjo

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av Joseph Smit, i public domain
Illustrasjon av Joseph Smit, i public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: S. maccormicki
Vitskapleg namn
Stercorarius maccormicki
Saunders, 1893

Sørjo (Stercorarius maccormicki) er ein sjøfugl i jofamilien. Han hekkar på fastlandet av Antarktis og på øyar utanfor. Sørjoen er ein langdistansetrekkfugl som trekker til nordlege Stillehavet, Nord-Atlanteren og nordlege Indiahavet, han har vore observert så langt nord som utanfor Grønland og Alaska.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sørjo
Foto: Samuel Blanc

Sørjoane er ein stor og kraftig bygd jo, har ei kroppslengd på 59 centimeter og kroppssvekt på 1275 til 1475 gram for hannar høvesvis hofuglar.[1] Fjørdrakta kan variere frå bleikbrun til mørkebrun, alle har iaugefallande kvite «blink» på over og undersida av vengen. Den mørke morfen er sjokoladebrun over det heile, med tydeleg gult område i nakken. Den mørke fasen kan ha lysare brunt på rygg, hale og venger og kan ha kvite flekker på nebbrota. Den lyse fasen er lys askegråbrun over heile hovudet og undersida, med gulleg nakke og brun overside. Vengene er breie. Det kraftige nebbet er nedbøygd i enden, men stuttare enn nebbet til sørhavsjo. Sørjoen er mindre enn sørhavsjo og marginalt større enn storjo.

Sørjoane hekkar sirkumpolart på Antarktis og nærliggjande øyar, særleg i området ved Rosshavet, og dei er tiltrekte av koloniar av andre sjøfuglar. Store hekkekoloniar av sørjoar finn ein mellom anna på Cape Adare, Cape Bird, Possession Islands og Cape Crozier.[1]

Trekkmønstret til sørjoane er lite kjente. I ein studie der forskarar nytta sporingsutstyr på 58 fuglar som hekka på King George Island, Sør-Shetlandsøyane, over tre sesongar, fann dei at eit fleirtal av fuglane trekte til Nord-Atlanteren, eit mindretal til nordlege Stillehavet og to individ heldt seg på den sørlege halvkula.[2]

Når sørjoane lever til havs beitar dei på fiskestimar, utanfor Japan lever dei mykje som kleptoparasittarlirer.[1] I hekkesesongen er hovudføda fisk som Pleuragramma antarcticum (antarktissølvfisk), fugleegg og fugleungar av pingvinar og petrellar, og dei kan ete på åtsel og menneskeleg avfall om dei finn det.

Dei er sterkt aggressive mot inntrengjarar under hekkinga. Reira er ei forsenking i bakken der hoa legg 2 egg. Klekkinga skjer etter ca. 30 dagar og ungane får mat av foreldra til dei kan flyge etter ca. 7-8 veker og vidare i fleire veker etter det igjen. Dei er 6-9 år når dei blir hekkefuglar, hofuglar yngst, og sørjoar kan ha forventa levealder på så mykje som 35 år.

Arten er ikkje trua, og bestanden er estimert til ca. 10 000-20 000 individ (1983), og er trudd å vere stabil.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson (2005)
  2. Matthias Kopp, Hans-Ulrich Peter, et al (2011). South polar skuas from a single breeding population overwinter in different oceans though show similar migration patterns. 435 Marine Ecology Progress Series. s. 263-267
  3. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørjo