Sørkedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørkedalen

Sørkedalen er ein dal nordvest i Oslo mellom Voksenåsen og Tryvannshøgda i aust og Venneråsen i vest. Han er eit eget bygdesamfunn med ein kultur som skil seg distinkt frå resten av byen, mellom anna ein breiare og distriktsprega dialekt. Busetnaden består i stor grad av gardar.

Sørkedalselva renn gjennom dalen og ut i Bogstadvatnet. Sørkedalen er eit fint utgangspunkt for skiturar i Nordmarka.

Sørkedalen er om lag 10 km lang og ligg hovudsakleg innanfor Markagrensa, bortsett frå det sørlegaste området nærast Bogstad som ligg i bydel Vestre Aker.

Sørkedalen skole ligg midt i den vidaste delen av Sørkedalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]