Sørkinahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørkinahavet og området rundt.

Sørkinahavet er den delen av Stillehavet som er avgrensa av det asiatiske fastlandet og øyane Sumatra, Borneo, Luzon og Taiwan. I tillegg har Kina, Vietnam, Kambodsja, Thailand, Malaysia, Singapore, Indonesia, Brunei og Filippinene kyst mot Sørkinahavet.

Sørkinahavet grensar til Austkinahavet i nord gjennom Taiwansundet, mot Filippinarhavet i aust gjennom Luzonsundet, mot Javasjøen i sør mellom Sumatra og Borneo og mot Andamanhavet og Indiahavet i vest gjennom Malakkasundet. Mot det asiatiske fastlandet dannar Sørkinahavet to store bukter, Tonkinbukta i Vietnam og Kina, og Thailandbukta mellom Indokina og Malayahalvøya.

Sørkinahavet omfattar 3 500 000 km². Det er over 200 små øyar i havet, mange av dei er omstridde mellom landa som ligg rundt.

Sørkinahavet er i dag den nest mest brukte sjøvegen i verda. Det er ein del petroleumsreservoar i området. Det dreiar seg om om lag 4,5 km³ olja og 7 500 km³ naturgass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]