Sørpolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amundsen-Scott-basen. Den seremonielle polen kan ein sjå i bakgrunnen, litt til venstre for midten av bilete. Den eigentlege sørpolen ligg eit par meter til venstre. Bygningane er reist på stylter for å hindre snøfonner.
Den geografiske sørpolen

Sørpolen er det sørlegaste punktet på jorda, på motsett side av jorda for Nordpolen. Sørpolen vert derimot brukt om fleire punkt, og ein har den geografiske sørpolen, som er det sørlegaste punktet på jorda, den seremonielle sørpolen, den magnetiske sørpolen og den geomagnetiske sørpolen, i tillegg til den mest utilgjengelege sørpolen.

Den geografiske sørpolen[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske sørpolen er definert som det eine punktet der dei to rotasjonsaksane til jorda kryssar kvarandre på jordoverflata (det andre er den geografiske Nordpolen). Rotasjonsaksen til jorda slingrar derimot litt, slik at denne definisjonen ikkje er særleg presis.

For tida ligg Antarktis over Sørpolen, men det har ikkje alltid vore slik på grunn av kontinentaldrifta. Fastlandet over Sørpolen ligg nær havnivå, men iskalotten som dekkjer området er 3000 meter tjukt, slik at overflata faktisk ligg i stor høgd.

Den polare iskalotten flyttar seg om lag 10 meter kvart år, så den eksakte posisjonen relativt til isen og bygningane som står på han flyttar seg gradvis over tid. Markøren på Sørpolen vert derfor flytta kvart år for å vise dette.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska til den geografiske Sørpolen var nordmannen Roald Amundsen og laget hans. Dei nådde fram 14. desember 1911. Amundsen kalla leiren sin Polheim og heile platået rundt polen kalla han Haakon VIIs Vidde til ære for kong Haakon VII. Amundsen sin konkurrent Robert Falcon Scott nådde polen ein månad seinare, men på tilbaketuren omkom Scott og dei fire kompanjongane hans av svolt og ekstrem kulde. I 1914 prøvde den britiske utforskaren Ernest Shackleton å krysse Antarktis via Sørpolen, men skipet hans «Endurance» vart fanga i pakkisen og sokk 11 månader seinare.

Den amerikanske admiralen Richard Byrd, med hjelp av førstepiloten sin Bernt Balchen, vart den første til å fly over Sørpolen 29. november 1929. Det var derimot først 31. oktober 1956 at menneske igjen sette fot på Sørpolen, då den amerikanske admiralen George Dufek landa her i eit Douglas DC-3 fly. Den amerikanske Amundsen-Scott-basen vart oppretta her i 1956–1957, og har vore bemanna sidan den gong av forskarar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Klima i Antarktis.

Sørpolen har eit heilt halvår utan sollys i det heile tatt, medan sola aldri går ned det andre halvåret. Sjølv om sola aldri går ned sommarhalvåret står ho derimot alltid lågt på himmelen. Mykje av sollyset som når ned til overflata vert reflektert av den kvite snøen. Denne mangelen på varme frå sola, kombinert med høgda Sørpolen ligg på (om lag 3 200 moh), fører til at Sørpolen har eit av dei kaldaste klima på jorda. Temperaturane på Sørpolen er mykje lågare enn dei på Nordpolen, hovudsakleg fordi Sørpolen ligg i eit høgare nivå midt på ein stor kontinental landmasse, medan Nordpolen ligg i havnivå midt i eit hav (som virkar som eit varmereservoar).

Midtsommars, då sola står høgast på himmelen, om lag 23,5 grader, er middeltemperaturen på Sørpolen om lag -25 °C. Når sola vert lågare fell temperaturen, og i det sola går ned (seint i mars) eller står opp (seint i september), er han rundt -45 °C. Om vinteren held temperaturen seg jamnt rundt -65 °C. Den høgaste temperaturen som nokon gong er målt på Amundsen-Scott-basen er -14 °C, og den lågaste er -83 °C. Dette er derimot ikkje det kaldaste som er målt på jorda. Vostokstasjonen lenger inne i isaude har målt -86,6 °C.

Sørpolen har ørkenklima, og får nesten aldri nedbør. Vind kan derimot føre til snøfokk. Kuppelen som ein kan sjå på bileta er delvis gravlagd i snø på grunn av snøstormar, og inngangen må ofte gravast fram. I det siste er bygningane reist på pålar, slik at snøen ikkje skal bygge seg opp langs dei.

Månadleg middeltemperatur og nedbør på Sørpolen

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Midla maks. temp. °C −25 −37 −50 −52 −53 −55 −55 −55 −55 −47 −36 −26 −45
Midla min. temp. °C −28 −42 −56 −60 −61 −61 −63 −62 −62 −53 −39 −28 −51
Nedbør millimeter 2,5


Kjelde: weatherbase.com

Tid[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste stader på jorda er den lokale tida meir eller mindre synkronisert med posisjonen til sola på himmelen. Dette går ikkje på Sørpolen, sidan «dagane» varer eit heilt år. Ein har ikkje vald noko særskild tidssone på Sørpolen, men av praktiske årsaker nyttar Amundsen-Scott-basen New Zealand-tid.

Den seremonielle Sørpolen[endre | endre wikiteksten]

Den seremonielle Sørpolen. Flagga til medlemslanda i Antarktistraktaten omkrinsar punktet, og i bakgrunnen kan ein sjå den gamle kuppelen.

Den seremonielle Sørpolen er eit område som er sett opp for å ha ein stad å ta bilete av. Han består av ei metallkule på ein sokkel omrkrinsa av flagga til landa som har signert Antarktistraktaten. Punktet ligg nokre meter frå Den geografiske Sørpolen, som berre er markert av eit lite skilt og ein stolpe. Dette kjem av at iskalotten flyttar seg om lag 10 meter per år, og staken vert flytta kvar nyttårsdag.

Den magnetiske sørpolen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den magnetiske sørpolen.

Den magnetiske sørpolen er det punktet på jordoverflata der dei geomagnetiske feltlinjene er direkte vertikale oppover. Den magnetiske sørpolen endrar posisjon heile tida på grunn av variasjonar i jorda sitt magnetfelt, og i 2005 var det kalkulert til å ligge ved 64,53°S og 137,86°A,[1] like utanfor kysten av Wilkes Land i Antarktis.

Av historiske årsaker vert enden av magneten som peikar mot jorda sin nordpol kalla «nordpolen» på ein magnet, medan den andre enden av magneten vert kalla «sørpolen». Sidan det er motsette polar som trekkjest mot kvarandre, er dermed jorda sin magnetiske nordpol eigentleg ein magnetisk sørpol, medan Den magnetiske Sørpolen eigentleg er ein magnetisk nordpol.

16. januar 1909 hevda ein ekspedisjon på tre menn (Douglas Mawson, Edgeworth David, og Alistair Mackay) leia av Ernest Shackleton at dei hadde funne Den magnetiske sørpolen,[2] som på den tida låg på land. Det er derimot noko tvil om dei hadde rett.[3]

Den geomagnetiske Sørpolen[endre | endre wikiteksten]

Jorda sitt geomagnetiske felt kan tilnærmaste av ein skråstilt dipol plassert i senteret av jorda. Den geomagnetiske Sørpolen er det punktet der aksen til den best tilplassa skråstilte dipolen kryssar jordoverflata på den sørlege halvkula. I 2005 vart dette punktet kalkulert til å vere 79,74°S og 108,22°A,[4] nær Vostokstasjonen. Fordi dette feltet ikkje er ein eksakt dipol, ligg ikkje Den geomagnetiske Sørpolen på same stad som Den magnetiske Sørpolen. I tillegg flyttar Den geomagnetiske Sørpolen seg av same årsak som den magnetiske polen.

Den mest utilgjengelege Sørpolen[endre | endre wikiteksten]

Den mest utilgjengelege Sørpolen er det punktet på det antarktiske kontinentet som er lengst borte frå Sørishavet. Det ligg ved 85°50′S 65°47′E og vart nådd 14. desember 1958 av den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen, leia av Jevgeni Tolstikov. På dette punktet oppretta dei ein mellombels stasjon, Poljus Nedostupnosti. På veg til polen, ved 78°24′S 87°32′E, oppretta dei stasjonen Sovetskaja, som eksisterte mellom 16. februar 1958 og 3. januar 1959.

Den mest utilgjengelege Sørpolen er mykje fjernare, og mykje vanskelegare å nå, enn den geografiske Sørpolen. 4. desember 2006 la Team N2i ut på ein ekspedisjon der målet var å verte dei første som nådde denne polen utan direkte mekanisk assistanse. Dei brukte skipulkar og kite-skigåing. Dei nådde målet 20. januar 2007.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]