Sørsamisk morfologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sørsamisk morfologi, eller bøyingsverket i sørsamisk er ein typisk representant for bøyingsverket i uralske språk. Språket har mange grammatiske kategoriar som blir uttrykt morfologisk, og bøyingsverket er agglutinerande.

Innhaldsliste

Substantiv [endre]

Sørsamisk har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, denne skilnaden er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i marisk, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.


Sørsamiske substantiv kan delast inn i klasser etter kva form stammen har, såkalla stammeklassar. Det grunnleggjande skiljet går mellom likestava og ulikestava substantiv.

Likestava substantiv [endre]

Likestava substantiv kan ende på -ie ( guelie «fisk»), på -a (maana «barn»), på -oe (aaltoe «simle») eller på -e (niejte «jente»). Denne vokalen kallast stammevokalen. Stammevokalen gjennomgår ulike endringar for dei ulike kasusendingane.

Stammevokalen er uforandra i nominativ eintal, akkusativ eintal og genitiv eintal. For alle andre enn -e er han også uforandra for nominativ, komitativ og genitiv fleirtal, i desse kasusa fell -e bort. For alle andre kasus i fleirtal, for essiv, og for komitativ eintal, fell alle stammevokalane bort, bortsett frå -oe, som blir redusert til -0. Den siste gruppa av kasus er lokalkasusa illativ, inessiv og elativ eintal, der -oe blir forkorta til -o og dei andre blir forkorta til -e. Unntaket er illativ eintal for -ie-substantiv. Som einaste stammeklasse har -ie-substantiva eit eige kasussuffiks, -an (med omlyd) i illativ eintal, og framfor dette suffikset fell stammevokalen -ie bort. Dette er vist i tabellen under, der = tyder «stammevokalen er uforandra», 0 tyder «stammevokalen er fjerna» og >e, >o tyder «stammevokalen er endra til e, o».

Stammevokal: -ie -a -oe -e
nom sg -0: = = = =
akk sg -m: = = = =
gen sg -n: = = = =
nom pl -h: = = = 0
kom pl -jgujmie = = = 0
gen pl -j: = = = 0
ill sg -an/-se 0 >e >o >e
ine sg -sne >e >e >o >e
ela sg -ste >e >e >o >e
kom sg -ine/jne 0 0 >o 0
ess -ine/jne 0 0 >o 0
akk pl -ide: 0 0 >o 0
ill pl -idee 0 0 >o 0
ine pl -ine 0 0 >o 0
ela pl -ijste 0 0 >o 0


Kasusparadigmet ser dermed slik ut, for dei fire ulike likestava stammeklassetypane (essiv har, som i alle dei samiske språka, ingen eigne fleirtalsformer):

Kasus -ie (sg) -a (sg) -oe (sg) -e (sg) -ie (pl) -a (pl) -oe (pl) -e (pl)
Nom  guelie maana aaltoe nïejte guelieh maanah aaltoeh nïejth
Akk gueliem maanam aaltoem nïejtem guelide maanide aaltojde nïejth
Gen guelien maanan aaltoen nïejten gueliej maanaj aaltoej nïejti
Ill gualan maanese aaltose nïejtese guelide maanide aaltojde nïejtide
Ine guelesne maanesne aaltosne nïejtesne gueline maanine aaltojne nïejtine
Ela gueleste maaneste aaltoste nïejteste guelijste maanijste aaltojste nïejtijste
Kom gueline maanine aaltojne nïejtine gueliejgujmie maanajgujmie aaltoejgujmie nïejtigujmie
Ess gueline maanine aaltojne nïejtine

Ulikestava substantiv [endre]

Adjektiv [endre]

Sørsamiske adjektiv kan stå framfor og modifisere eit substantiv, som attributt, det kan vere predikativ, eller det kan bli brukt som substantiv. I det første tilfellet har adjektivet ei særskild attributtform. For nokre adjektiv er attributt- og predikativform identiske. I det andre tilfellet har adjektivet ei predikativform. Det er denne forma som står i ordboka, og det er den som dannar utgangspunkt for kasus-, numerus- og gradbøying. I det tredje tilfellet blir adjektivet bøygd som eit substantiv.

Adjektiv med identisk attributt- og predikativform er t.d. røøpses "raud", onne "liten", gieltegs "spanande. Adjektiv med skilde attributt- og predikativformer er t.d. galmes "kald" (attr. galme), garres "hard" (attr garre). Det er ein tendens i språket til at attributtforma tar over som predikativform.

Adjektiv i sørsamisk er relativt dårleg utforska.

Verb [endre]

Sørsamiske verb blir bøygd i person, tempus, numerus og modus. Verba har dei same stammeklassetypane som substantiva.

Person- og tempusbøying [endre]

Tabellane nedanfor viser verbbøying i presens av like- og ulikestava verb [1].

Likestavaverb - presens
I II III IV V VI
ie-verb oe-verb a-verb e1-verb e2-verb e3-verb
båetedh laavkodh guarkedh bïejedh govledh gihtjedh
(oms.) kome bade forstå setje høyre spørje
Nekt.form båetieh laavkoeh guarkah bïejh govlh gihtjh
Person
manne båatam laavkoem guarkam bïejem govlem gihtjem
datne båatah laavkoeh guarkah bïejh govlh gihtjh
dïhte båata lååvke guarkoe beaja govloe gihtjie
månnoeh båetien laavkoen guarkan biejien govloen gihtjien
dåtnoeh båeteden laavkoden guarkeden bïejeden govleden gihtjeden
dah guaktah båetiejægan laavkoejægan guarkajægan bïejijægan govlijægan gihtjijægan
mijjieh båetebe laavkobe guarkebe bïejebe govlebe gihtjebe
dijjieh båetede laavkode guarkede bïejede govlede gihtjede
dah båetieh laavkoeh guarkoeh biejieh govloeh gihtjieh

Dei ulikestava verba har ei enklare bøying:

Ulikestava verb - presens
Person saemiestidh lea
manne saemestem leam
datne saemesth leah
dïhte saemeste lea
månnoeh saemiestien lean
dåtnoeh saemiestidien lidien
dah guaktah saemiestægan lægan
mijjieh saemiestibie libie
dijjieh saemiestidie lidie
dah saemiestieh leah

Infinitte former [endre]

Infinitte verbformer er former som ikkje blir bøygd i modus, person og tal. Infinitiv er verbet si oppslagsform (det som står i ordboka): Manne sïjhtem åeredh "Eg skal sove". Perfektum partisipp blir brukt om avslutta handling: Mijjeh byöpmedamme "Vi har ete". Tilstandsforma, eller gerundium, fungerer som -ing-forma i engelsk: Manne lim åerieminie, goh tjidtjie bööti "Eg sov då mor kom". Verbgenitiv uttrykker måten noko skjer på, t.d. Aehtjie bööti vaedtsien. "Far kom gåande".

Infinitte verbformer
Stammeklasse I II III IV V VI ulikest.
Stammetype ie-verb oe-verb a-verb e1-verb e2-verb e3-verb
Infinitiv båetedh laavkodh guarkedh bïejedh govledh gihtjedh saemiestidh
Perfektum partisipp båateme lååvkeme guarkeme bïejeme govleme gihtjeme saemiestamme
Gerundium båetieminie laavkoeminie guarkaminie bïejeminie govleminie gihtjeminie saemesteminie
Verbgenitiv båetien laavkoen guarkan bïejen govlen gihtjen saemesten

Hjelpeverbet leah [endre]

Her er paradigmet for leah «å vere» i presens og preteritum indikativ:

Presens Preteritum
sg. du. pl. sg. du. pl.
1 leam lean libie 1 lim limen limh
2 leah lidien lidie 2 lih liden lidh
3 lea lægan leah 3 lij ligan lin

Nektingsverbet [endre]

I sørsamisk, som i dei fleste uralske språk, er nektinga eit verb. Nektingsverbet i sørsamisk blir bøygd i person og tal. På same måten som i lulesamisk, men til skilnad frå nordsamisk og finsk, blir negasjonsverbet også bøygd i tempus:

Presens Preteritum
sg. du. pl. sg. du. pl.
1 im ean ibie 1 idtjim idtjimen idtjimh
2 ih idien idie 2 idtjih idtjiden idtjidh
3 ij eakan eah 3 idtji idtjigan idtjin

Postposisjonar [endre]

I tillegg til preposisjonar har sørsamisk også postposisjonar. Postposisjonane tar komplementa sine i genitiv. Nokre av postposisjonane, dei som omhandlar retning og plassering, bilr bøygd i lokalkasusa illativ, inessiv og elativ, alt ettersom dei tyder TIL, I/PÅ eller FRÅ. Jf. tabellen nedanfor, der TIL er symbolisert med ->•, I/PÅ med • og FRÅ med •->:

innside utside framfor bak mellom attmed i nærleiken av
->• "ill" sijse gåajkoe uvte duakan giske bealese gietskese
"ine" sisnie luvnie åvtesne dueksesne gaskesne bealesne gietskesne
•-> "ela" sistie luvhtie åvteste duekeste gaskeste bealeste (-)

Litteratur [endre]

  • Bergsland, Knut 1946: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43. Oslo : Aschehoug.
  • Bergsland, Knut 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø: Universitetsforlaget.
  • Hasselbrink, Gustav 1981: T1 - Grammatik, Wörterbuch Å - Flytt'edh.
  • Lagercrantz, Eliel 1923: Sprachlehre des Südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Bulletin / Kristiania Etnografiske Museum ; 1

Referansar [endre]

  1. Tabellane for verbbøying er henta frå http://oahpa.no/sma/gramm/verb.nob.html

Bakgrunnsstoff [endre]