Sørsamisk syntaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørsamisk syntaks, eller setningslære, er læra om korleis sørsamisk set ordformer saman til større strukturar. Det er denne delen av sørsamisk grammatikk som skil seg mest frå det ein finn i dei andre samiske språka.

Nominalfraser[endre | endre wikiteksten]

Som i dei fleste uralske språk, er sørsamiske nominalfraser av typen (Determinativ) - (Kvantor) - (Adjektiv) - Substantiv. På same måten som i alle samiske språk har adjektivet ei eiga attributtform når det står i same frase som eit substantiv (jf. artikkelen om sørsamisk morfologi).

Determinativa kongruerer med substantivet i kasus. På same måten som i t.d. nordsamisk er kongruensen redusert samanlikna med bruken av dei same pronomena aleine. Sørsamisk skil seg likevel frå nordsamisk med at kongruensen er redusert berre for ei form, nemleg illativ, der determinativen er identisk med genitiv i eintal, og med akkusativ i fleirtal. Jf. "det huset" i alle kasus:

Kasus Eintal Fleirtal
Nom. daate gåetie daah gåetieh
Akk daam gåetiem daejtie gåetide
Gen. daan gåetien daaj gåetiej
Ill. daan gåatan daejtie gåetide
Ine daennie gåetesne daejnie gåetine
Ela. daehtie gåeteste daejstie gåetijste
Kom. daejnie gåetine daaj gåetiegujmie
Essiv daennie gåetine

Til skilnad frå andre uralske språk står sørsamiske substantiv i fleirtal etter kvantorar. På sørsamisk heiter det såleis gøøkte niejth «to jenter» (der niejth er nominativ fleirtal. I andre uralske språk står substantivet i eintal, og kasus er bestemt av kvantoren. På nordsamisk heiter det guokte nieidda (genitiv eintal), på finsk kaksi tyttöä (partitiv eintal), og i ungarsk kettő lány (nominativ eintal).

Pre- og postposisjonsfraser[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk har, som alle uralske språk, postposisjonar, nokre av desse postposisjonane kan også vere preposisjonar. Postposisjonane tar komplementa sine i genitiv, og dei kan sjølv bøyast i kasus. Jf. desse setningane,[1] der roehtsen er genitiv av roehtse «rot», og nualan, nuelesne, nueleste er illativinessiv og elativ-formene av postposisjonen «under».

  • Riepie roehtsen nualan goegkerdi / R. roehtsen nuelesne guarjesji / R. roehtsen nueleste goegkerdi
  • Reven kraup inn under rota / R. låg under rota / Reven kraup fram frå under rota

Nokre postposisjonar, som sisnie «i», kan berre bøyast i dei adverbiale kasusa, andre kan bøyast i fleire.

Postposisjonsfrasene minnar om substantivfraser (som også har ei genitivfrase framfor seg, men postposisjonsfrasene kan ikkje bli modifisert av adjektiv på den måten substantivfraser kan.

Når dei kombinerte pre- og postposisjonane opptrer som preposisjonar, i preposisjonsfraser, tar dei komplementa sine i akkusativ eller (i fleirtal også) nominativ, fordelinga av nomininativ og akkusativ følgjer dei same reglane som for objektet til verb. Preposisjonar er t.d. rastah «tvers over», allkesth «langs etter», lihke attmed. Nokre preposisjonar, som bijre, har ulik tyding alt etter om dei er pre- eller postposisjonar: Som preposisjon tyder bijre «rundt», som postposisjon tyder det «om» (saemiej bijre «om samane»).

Numeralfraser[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå andre uralske språk står substantiv i numeralfraser i fleirtal i dei tilfella der talordet sjølv står i nominativ. Dei andre språka har her substantivet i genitiv eller partitiv. Talorder er dermed kjerne i frasen. Når numeralfrasen står i eit anna kasus, blir substantivet kjerne, og talordet står i attributiv form. Begge orda står i eintal.[2]

  • göökte gåetieh "to hus.Pl.Nom" (jf. nords. guokte viesu "to hus.Sg.Gen")
  • gööktene gåetesne "to.Sg,Ine hus.Sg.Ind" (jf. nords. guovtte viesus "to.Sg.Lok.Attr hus.Sg.Lo")

Verbalfraser[endre | endre wikiteksten]

Verb og objekt[endre | endre wikiteksten]

I sørsamisk står objektet i akkusativ viss det er eintalsobjekt. Viss det er eit fleirtalsobjekt, står det i akkusativ når det referer til noko kjent og/eller avgrensa, og i nominativ når det referer til noko ukjent og/eller uavgrensa. Ordstillinga i sørsamisk er SOV, dvs. objektet står framfor verbet. Viss det er fleire verb (finitt hjelpeverb pluss infinitt hovudverb, er ordstillinga SHOV (subjekt - hjelpeverb - objekt - verb). Her er døme frå Bergsland 1993 s. 59:

  • Laara bustem darjoeji. Lars.Nom skei.Akk lage.Prt.Sg2 "Lars laga ei skei." (SOV)
  • Tjidtjie ij raeffiem åadtjoeh. Mor.Nom Neg.Sg3 fred.Akk få.Prs.Sg3 "Mor får ikkje fred." (SHOV)

Komplekse verbal[endre | endre wikiteksten]

Det sørsamiske verbalsystemet har, som dei andre samiske og austersjøfinske språka, eit tempussystem tilsvarande systemet i dei nordgermanske språka.

  • Manne båatam "Eg kjem"
  • Manne böötim "Eg kom"
  • Manne leam båateme, "Eg har komme"
  • Manne lim båateme "Eg hadde komme"

Subjektslause setningar[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk har ikkje formelle subjekt av den typen ein har i norsk, verken det regnar eller Det kom ein mann i går. Tilsvarande setningar er utan subjekt på sørsamisk. Viss verbet står i første eller andre person, kan subjektet bli utelate.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergsland 1980 s. 64
  2. For talordsfraser, sjå Bergsland 1993 s. 132f.)