Sørum prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°00′40″N 11°14′22″E / 60.01114°N 11.239378°E / 60.01114; 11.239378

Sørum prestegard
Foto: Jan-Tore Egge
Eit gamalt bilete av Sørum prestegard
Foto: Kulturminnebilder/Riksantikvaren

Sørum prestegard eller Huseby gard (gnr./bnr. 32/4) ligg på nordsida av fylkesveg 171 litt aust for Sørum skole, nokre få hundre meter frå Sørum kyrkje.

Prestegarden har ei lang historie. Det skal dreie seg om tidlegare krongods som er lagt ut til prestegard, kan hende om lag på den tida då kyrkja vart bygd.[1]

Ein prestegardsbygning frå 1760-åra vart avløyst av dagens bygning i 1838, og denne bygningen vart omfattende restaurert i 1994.[2]

I 2012, etter at den tidlegare soknepresten flytta ut frå prestegarden, vart det teke til orde for at neste prest skulle flytte inn i ein meir tidsriktig bustad, medan den eksisterande prestegarden skulle gjerast om til kultur- og aktivitetssenter.[3][4] Opplysningsvesenets fond valde derimot å behalde prestegarden som prestebustad og å setje han i stand i 2013 før ny prest tok til i fast stilling.[5][6]

Det er likevel ei viss kulturell versksemd knytt til prestegardslåven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Blaker og Sørum historielag, arkivert frå originalen 19. januar 2020, henta 22. juni 2018 
  2. Opplysningsvesenets fond
  3. Rådmannen si innstilling (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 14. juli 2014, henta 4. juli 2014 
  4. Blaker og Sørum historielag, arkivert frå originalen 22. juni 2018, henta 22. juni 2018 
  5. Opplysningsvesenets fond til Sørum kommune Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine., 14. mars 2013, som svar på e-post frå kommunen
  6. Menighetsbladet for Sørum, Blaker og Frogner Arkivert 2018-06-22 ved Wayback Machine. nr. 1/2013, s. 5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sørum prestegard