Søtvierslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søtvierslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Solanales
Familie: Søtvierfamilien Solanaceae
Underfamilie: Solanoideae
Stamme: Solaneae
Slekt: Søtvierslekta Solanum
L., 1753

Søtvierslekta (Solanum) er ei slekt av urter eller buskar i søtvierfamilien (Solanaceae). Dei er utbreidd over heile kloden. Søtvierane har kvite, blå eller fiolette blomstrar i klasar eller skjerm. Dei er endesitjande og regelmessig femtalige. Frukta er saftige bær.

Dei fleste artane inneheld ei rekke alkaloid, først og fremst solanin, noko som gjer dei særs giftige for menneske.

I Noreg finst ein viltveksande art, slyngsøtvier, Solana dulcamara. Det er òg fleire artar som finst som innført ugras, svartsøtvier (Solanum nigrum) er ganske vanleg.

Potet og aubergine har alltid vore rekna med til slekta, medan innordninga av tomat har vore kontroversiell. Opphavleg vart den rekna med av Carl von Linné, seinare vart den i lang tid klassifisert som ei eiga slekt. Nyare genetiske undersøkingar tyder likevel på at Linné hadde rett.

Søtvierane har karakteristiske blomstrar med fem spisse kronblader og raude eller svarte bærfrukter som liknar små tomatar. Dei fleste delane av plantene er giftige, bortsett frå rotknollane hos potet, og fruktene hos nokre artar.

Nokre artar[endre | endre wikiteksten]

Potetblomstrar av varianten Beate i Kristiansand midt i juli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Søtvierslekta
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Solanum