Søvitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søvitt er ein magmatisk bergart først kjent frå Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark. Medan dei vanlege magmatiske bergartane består av silikat, er søvitt ein kalsittbergart med mindre mengder apatitt, flogopitt, magnetitt, pyritt og dei niobhaldige minerala koppitt og columbitt som har vore økonomisk utnytta i Søve gruver. Søvitt er kjent av geologar verda over fordi han var eit av dei første døma på ein magmatisk karbonatbergart. Seinare er liknande bergarter funne ei rekkje andre stader, som i Nord-Noreg, Sverige og Afrika. Dei har fått fellesnamnet karbonatitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]