Sými

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sými
Lokalt namn: Σύμη
Jálos, hamna på Sými, sett frå Khorió
Jálos, hamna på Sými, sett frå Khorió
Geografi
2011 Dimos Symis.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°35′56″N 27°50′03″EKoordinatar: 36°35′56″N 27°50′03″E
Øygruppe Dodekanesane
Areal 57 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Demografi
Folketal 2 500 (2001)
Folketettleik 44 /km²

Sými (gresk Σύμη osmansk سومبكى Sömbeki), òg kalla Syme eller Simi, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Geografisk høyrer derimot ikkje Sými til sjølve øyrekkja i Dodekanesane, men ligg 41 km frå Ródos, like ved kysten av Tyrkia. Ho har eit areal på 57 km² og har eit fjellkledd terreng. I indre område finn ein små dalar og langs kysten finn ein både høge klipper og bukter med sandstrender. Mellom småøyane rundt Sými finn vi Nímos i nord og Sesklí i sør.

Sými er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Hovudbyen ligg på nordaustkysten og vert óg kalla Sými eller Áno Sými. Øya har om lag 2 500 innbyggjarar, som hovudsakleg driv med fiske, handel og turisme.

I tillegg til dei mange historiske stadane på øya er dei mange isolerte sandstrendene, som stundom berre er tilgjengeleg med båt, populære blant turistane. I gresk mytologi var Sými visstnok fødestaden til Kharites og har fått namnet sitt frå nymfen Syme (i antikken vart øya kalla Aigli og Metapontis).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Iliaden til Homer vert øya nemnd som området til kong Nireus, som kjempa i den trojanske krigen på grekarane si side. Thukydides skriv at under peloponnesarkrigen skjedde slaget ved Syme nær øya i januar 411 fvt. der fleire spartanske skip slo ein skavdron av athenske skip. Ein veit lite om øya fram til 1300-talet, men arkeologiske funn viser at ho var busett heile tida sidan antikken, medan ruinar av festningsverk viser at ho óg var ein viktig stad. Ho var først ein del av Romarriket og så av Austromarriket før ho vart erobra av Maltesarordenen i 1373.

Denne erobringa førte til ein periode på fleire hundreår med velstand for Sými, som med si plassering midt i Dodekanesane vart ein viktig lokalstasjon for handel fram til den dampdrivne skipsfarten kom i gang på 1800-talet. Øya vart erobra av Det osmanske riket i 1522, men fekk halde mange av privilegiane sine og dermed óg velstanden. Sými er kjend for svampane sine som stod for mykje av rikdomen. Ho nådde toppen på midten av 1800-talet og mange neoklassiske herregardar vart bygd i fjellsidene ovanfor hovudbyen.

Sými, i lag med resten av Dodekanesane, har skifta eigarar fleire gonger på 1900-talet. I 1912 vart ho okkupert av Italia, og formelt avstått til Italia i 1923. Ho vart til slutt ein del av Hellas i 1948 (sjå Dodekanesane for detaljar).

I det siste har øya trekt til seg mange turistar og mange av dei neoklassiske heimane har vorte kjøpt opp av utanlandske borgarar.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Næraste flyplass er på Ródos. Ferje- og/eller snøggbåtrutar mellom anna til Ródos, Kálymnos, Kos, Léros, Pátmos og Pireus (Aten).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sými

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou