Słupsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Słupsk | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Rådhuset | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Voivodskap |
Pommerske voivodskap |
||||
| Grunnlagd Byrettar |
900-talet 1265 |
||||
| Borgarmeister | Maciej Kobyliński | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
43,15 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
98 757 2289/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 22 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 76-200 til 76-210, 76-215, 76-216, 76-218, 76-280 | ||||
| Telefon-retningsnummer | +48 059 | ||||
| Bilnummer | GS | ||||
| Nettstad: www.slupsk.pl | |||||
Słupsk (tysk Stolp in Pommern[1]) er ein by i Pommerske voivodskap nord i Polen. Før 1999 var han hovudstad i Słupsk voivodskap]]. Han er òg ein del av den historiske regionen Pommern.
Byen ligg nordvest i landet ved Koszalinkysten, 18 km frå Austersjøen ved Słupia. Byen har om lag 100 000 innbyggjarar. Byen grenser til to kommunar (gmina), Gmina Kobylnica og Gmina Słupsk. Det pågår diskusjonar om byen skal utvidast og innlemme desse to kommunane.[2].
Słupsk fekk byrettar, truleg frå Świętopełk II, hertugen av Gdańsk (Danzig), i 1265, og vart utvida i 1310 og stadfesta i 1313 av markgreven av Brandenburg[3]. På den tida hadde byen vorte eit senter for lokal administrasjon, handel og eit medlem av Hansaen. Mellom 1368 og 1478 var han hovudstad i Hertugdømet Stolp; og kom så inn under Hertugdømet Pommern. I 1648 sin følgje av fredsavtalen i Osnabrück, vart Słupsk og det omliggande området gjeve til Brandenburg-Preussen og vart seinare ein del av provinsen Pommern. Byen kom tilbake til Polen i 1945.[4]
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Słupsk» frå Engelsk Wikipedia, den 18. juni 2008.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stolp.de (tysk). Vitja 12. april 2008.
- ↑ Ekspansja miast (polsk). Vitja 12. april 2008.
- ↑ Słupsk.pl: Historia Słupska do roku 1945 (polsk). Vitja 12. april 12 2008.
- ↑ Anonym (1999) Pomorze Zachodnie poprzez wieki – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.