S.R. Srinivasa Varadhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå S. R. Srinivasa Varadhan)
Gå til: navigering, søk
S.R. Srinivasa Varadhan dagen før utdelinga av Abelprisen i 2007.

S.R. Srinivasa Varadhan (fødd 2. januar 1940 i Madras (Chennai) i Britisk India) er ein indisk-amerikansk matematikar som har spesialisert seg innan sannsynsteori. Han fekk sin undergraduate-grad i 1959 frå Presidency College, Madras og doktorgraden i 1963 frå Indian Statistical Institute. Sidan 1963 har han arbeidd ved Courant Institute of Mathematical Sciences der han for tida (2012) er professor.

Han er kjent for arbeidet sitt saman med Daniel W. Stroock på diffusjonsprosessar, som han mottok Steele Prize for i 1996. Varadhan er medlem av National Academy of Sciences i USA.[1]

S.R. Srinivasa Varadhan fekk Abelprisen 22. mars 2007 av Det Norske Videnskaps-Akademi.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1996 Steele PrizesAmerican Mathematical Societys heimeside
  2. Prisvinner 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]