SANAE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SANAE er Den sørafrikanske nasjonale antarktisekspedisjonen. Namnet syner både til overvintringsbasane (nummerert med romartal, til dømes SANAE IV) og laga som overvintra (nummerert i arabiske tal, som SANAE 47). Den noverande basen, SANAE IV, ligg på Vesleskarvet i Dronning Maud Land i Antarktis. Denne kan ta opp til 100 mann om sommaren. Om vinteren overvintrar forskarar og teknikarar frå Sør-Afrika, vanlegvis kring 10 personar.

Forskingsprogrammet ved SANAE IV er ein del av Det sørafrikanske nasjonale antarktisprogrammet (SANAP).

SANAE IV

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første ekspedisjonen, SANAE 1, overvintra ved Norway Station, som Sør-Afrika overtok frå Noreg etter Det internasjonale geofysiske året. Seinare grupper overvintra ved SANAE I, SANAE II og SANAE III, bygd på Fimbulisen nær Blåskimen. Desse stasjonane var bygde på ein flytande isbrem og vart etter kvart gravlagd i isen, og braut sidan av på eit isfjell som dreiv bort. Nye stasjonar vart alltid plasserte ut på den same geografiske posisjonen ved S 70º18 W 2º22. SANAE IV vart bygd på nunataken Vesleskarvet i håp om å at han skulle vare lengre. Den første gruppa som overvintra ved SANAE IV var SANAE 36 i 1997. Basen har vore kontinuerleg bemanna sidan den gong.

Base Opna Stad Merknad
SANAE I 1962 70°18′S 2°22′W
Borga Field Base 1969 350 km sør for SANAE I
SANAE II 1971 70°18′S 2°22′W
SANAE III 1979 70°18′S 2°22′W Gravlagd i snøen[1]
Sarie Marais Field Base 1979 200 km sør for SANAE III
SANAE IV 1997 72°40′22″S 2°50′26″W

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]